På vei til egen bolig

Evaluering av nasjonal strategi for å forebygge og bekjempe bostedsløshet 2005-2007

Forfattar:
E. Dyb, M. K. Helgesen og K. Johannessen
Utgivingsår:
2008
Oppdragsgivar:
Kommunal- og regional departementet
Oppdragsutførar:
NIBR

Kort om publikasjonen

Strategien for å førebygge og kjempe mot bustadløyse hadde fem konkrete resultatmål som ein skulle nå i løpet av prosjektperioden. Rapporten gir ei vurdering av måloppnåing i strategien for å førebygge og kjempe mot bustadløyse, og analyserer kva som har medverka til måloppnåing, og kva som har hindra eller ikkje medverka til å nå måla.

Evalueringa baserer seg blant anna på eksisterande datakjelder (som for eksempel KOSTRA), intervju med sentrale aktørar, survey til kommunar og casestudiar i tre kommunar. Rapporten gir alternativ og forslag til den vidare nasjonale satsinga for å førebygge og motverke bustadløyse.

Oversikt over hovudfunn

  • Samanhengen mellom måla og verkemidla er indirekte, og det er ikkje nødvendigvis slik at verkemidla bidrar til å nå dei konkrete måla for strategien.
  • Det er usikkerheit rundt fleire av måla, først og fremst rundt rapporteringar til KOSTRA om bruk av mellombelse butilbod.
  • Det er mykje igjen før måla som er knytte til bruk av mellombels bustad, er nådde.
  • Det er usikkert kva som har verka, og kor mykje som skuldast innsatsane for å nå måla, og kva som skuldast utanforliggande forhold, og som dannar ramma for kommunens sitt arbeid med bustadløyse.

Lenke til meir informasjon

Les rapporten om strategien På vei til egen bolig