På randen av å bo

Erfart kunnskap om livet og flyttingene mellom psykiatri, rusomsorg, gater, hospitser og egne boliger

Forfattar:
A. Taksdal, J.-K. Breivik, K. Ludvigsen og B. Ravneberg
Publisert av:
Rokkansenteret rapport 1 2006
Utgivingsår:
2006
Oppdragsgivar:
Kommunal- og regionaldepartementet, Arbeids- og inkluderingsdepartementet, Helse- og omsorgsdepartementet og Sosial- og helsedirektoratet.
Oppdragsutførar:
Rokkansenteret

Kort om publikasjonen

Rapporten beskriv og diskuterer erfart kunnskap om livet og flyttingane mellom psykiatri, rusomsorg, gater, hospits og eigne bustader. Hovudformålet har vore å forstå den verkelegheita som gjer at mange er bustadlause etter relativt ferske institusjonsopphald i psykiatri og rusomsorg, og å foreslå endringar som kan bøte på dette. Eit tilleggsoppdrag har vore å undersøke overgangar frå barnevern til sårbare busituasjonar.

Rapporten er basert på 14 intervju med menneske som kjenner både institusjonar og gatelivet frå innsida, og fokusgruppeintervju med seks unge som har hatt langvarig kontakt med barnevernet under oppveksten. I tillegg er det gjennomført feltarbeid, ei spørjeundersøking i tiltaksapparatet, og det er arrangert dagsseminar med referansegrupper.

Oversikt over hovudfunn

  • Eit hovudfunn er at institusjonsopphald sjeldan representerer det sentrale brotet.
  • Ein kritisk overgang frå eit kaotisk til eit meir velordna liv. Snarare kan liva til menneska i målgruppa sest på som eit nomadetilvære.
  • Delar av apparatet synest å bygge på mangelfulle kunnskapar om og forståing av brukarane sine liv.
  • Arbeid med bustadsituasjonen står ikkje høgt nok på dagsordenen verken i behandlingsapparatet eller i sosialtenesta.
  • Ein meir offensiv sosial bustadpolitikk trengst for å førebygge utstøyting frå bustadmarknaden.
  • Undersøkinga konkluderer vidare med at det er behov for eit større og meir variert butilbod, med ulike grader av bistand og oppfølging. 
  • Målsettingar må vere differensierte, når det gjeld sjølvstende, tid og livskvalitet. 
  • Apparatet må i større grad anerkjenne og spele saman med mange av brukarane sin formidable eigeninnsats og akseptere uføreseielege og generøse tidsrammer.

Lenke til meir informasjon

Les rapporten På randen av å bo