Overgang fra barnevern til selvstendig tilværelse

Utsatt ungdom 17-23 og Fra barnevernstiltak til boligetablering

Forfattar:
Grete Eide Rønningen og Ranveig van der Meij
Publisert av:
Henær
Utgivingsår:
2010

Kort om publikasjonen

Rapporten er ei følgeevaluering av prosjekta «Utsatt ungdom 17–23» og «Fra barnevernstiltak til boligetablering». Målgruppa for begge prosjekta har vore unge i alderen 17–23 år i overgangsfasar frå hjelpetiltak til eit sjølvstendig vaksentilvære, og ungdom i alderen 17–23 år som har behov for oppfølging, men ikkje er fanga opp av hjelpeapparatet. Hovudfokuset i desse prosjekta var barnevernet sitt ettervern. 

I begge prosjekta blei det lagt vekt på å etablere støttande miljø og nettverk for målgruppa, dette blei gjort både i regi av sjølve prosjektet, men også av eksterne samarbeidspartnarar.

Oversikt over hovudfunn

  • Mange unge har gjennom prosjektet fått ein såkalla Individuell Plan (IP). 31 ungdommar har fått individuell oppfølging i prosjekta. 24 ungdommar har fått tilbod om ettervern, og 20 har fått oppfølging i forhold til bustad.
  • Målgruppa i prosjekta er svært heterogen. Prosjekta har likevel vist at det er mogleg å trekke ut nokre felles erfaringar som kan bidra til å sikre gruppa som heilskap betre med tanke på oppfølging gjennom barnevernet sitt ettervern og andre hjelpeinstansar.
  • Det er viktig at den enkelte unge har eigen kontaktperson i barnevernet, og eigen støtteperson å relatere seg til, i overgangen til vaksenlivet.
  • Bustadskule blir i rapporten framheva som eit viktig bidrag for å styrke prosessen med å gjere seg sjølvstendig.
  • Dei to prosjekta har lykkast med å auke samarbeidet mellom barnevernet og sosialtenesta (no NAV). 
  • Prosjekta har til ein viss grad lykkast i å auke kompetansen, men prosjekta har også avdekt behov for ytterlegare opplæring.

Lenke til meir informasjon

Les rapporten Overgang fra barnevern til selvstendig tilværelse

Lengre samandrag av publikasjonen

Rapporten er ei følgeevaluering av prosjekta «Utsatt ungdom 17–23» og «Fra barnevernstiltak til boligetablering». Målgruppa for begge prosjekta har vore unge i alderen 17–23 år i overgangsfasar frå hjelpetiltak til eit sjølvstendig vaksentilvære, og ungdom i alderen 17–23 år som har behov for oppfølging, men ikkje er fanga opp av hjelpeapparatet. Hovudfokuset i desse prosjekta var barnevernet sitt ettervern. 

I begge prosjekta blei det lagt vekt på å etablere støttande miljø og nettverk for målgruppa, dette blei gjort både i regi av sjølve prosjektet, men også av eksterne samarbeidspartnarar. I tillegg til arbeidet med dialoggruppa blei det inngått tiltak i kompetanseheving av tilsette i barnevernet. Desse tiltaka inkluderte heildagssamlingar, møte og konferansar internt i barnevernet.

Rapporten er basert på tilgjengeleg skriftleg materiale som er produsert i prosessen, møte med prosjektgruppa, oppsummeringar frå heildagssamlingar, dialogmøte og felles konferansar, i tillegg til intervju og gruppeintervju med eit utval av sentrale og impliserte aktørar innan leiing og tilsette i kommunen.