Organisering og planlegging av boligsosialt arbeid i norske kommuner – fire casestudier.

Forfattar:
H. C. Sandlie, Å. Langsether, J. Sørvoll, A. Skårberg og T. Hansen
Publisert av:
NOVA
Utgivingsår:
2011
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
NOVA

Kort om publikasjonen

Formålet med denne rapporten er å presentere nytta kunnskap om korleis kommunane kan løyse koordineringsutfordringane knytte til å etablere ei heilskapleg og tverretatleg tilnærming til den bustadsosiale aktiviteten. For kommunane inneber dette utfordringar av både strategisk og operativ art. I denne studien er det dei strategiske utfordringane som er vektlagde: Korleis kan kommunane etablere ei horisontal (mellom ulike tenesteeiningar) og ei vertikal (mellom ulike forvaltningsnivå) samordning av sin bustadsosiale innsats? Dette vil både vere eit spørsmål om god organisering og eit spørsmål om å etablere målretta og godt forankra planar. 

Grunnlaget for rapporten er ein eksplorerande casestudie av fire utvalde kommunar. Den primære datakjelda er intervju med nøkkelpersoner knytte til bustadforvaltninga i kommunane. I tillegg til intervju er ulike former for skriftlege datakjelder nytta.

Oversikt over hovudfunn

  • Det bustadsosiale arbeidet inneber ein innsats på tvers av horisontale og vertikale skilje i den kommunale organisasjonen. Utfordringa vil vere å etablere ein klar organisasjonsstruktur med tydeleg ansvarsfordeling og retningslinjer for gjennomføring av ulike arbeidsoppgåver. Dette føreset for det første at kommunane har klare operative mål og ambisjonar. Vidare må kommunane ha god kjennskap til aktuelle verkemiddel, og dei må sørge for at dei ulike verkemidla får tilfredsstillande ressursar. 
  • Erfaringane frå casekommunane tyder på at ansvaret for det bustadstrategiske arbeidet bør sentraliserast og plasserast i eit organ som er forankra på det strategiske nivået i kommuneorganisasjonen. 
  • For at bustadstrategiske planar skal opplevast som eit nyttig arbeidsverktøy, må planane ha ei brei forankring blant dei som arbeider med bustadpolitiske og bustadsosiale spørsmål.
  • Det er viktig at det politiske nivået tidleg blir engasjert i utarbeidinga av planar.

Lenke til meir informasjon

Les rapporten om organisering og planlegging av boligsosialt arbeid

Viktig informasjon

Veiviseren.no blir avviklet som eget nettsted 1. april 2023. Etter denne datoen finner du innhold om bolig- og tjenesteområdet på nettstedene til direktoratene som står bak veiviseren.no. Du finner lenker nederst på siden.

Har du spørsmål? Send en e-post til redaktor@husbanken.no

Vis informasjon