Oppfølging av unge i overgangen til vaksenlivet - bustadsosialt arbeid og ettervern

Rapport frå ein forskningssirkel

Forfattar:
Redigert av Elisabeth Brodtkorb og Inger Oterholm
Publisert av:
VID vitenskapelige høgskole
Utgivingsår:
2017
Oppdragsgivar:
Husbanken/forskningssirkel
Oppdragsutførar:
VID vitenskapelige høgskole

Kort om publikasjonen

Tilsette i fleire bydelar i Oslo, knytta til Husbanken sitt bustadsosiale utviklingsprogram, barneverntenesta og NAV-kontor, tok initiativ til å starte ein forskningssirkel saman med Diakonhjemmet høgskule (no VID). Dei ønskte at forskningssirkelen skulle handle om bustadsosialt arbeid og ettervern retta mot unge med barnevernsbakgrunn.

Føremålet med prosjektet var både å utvikle og å betre tenestetilbodet for ungdom i overgangen til vaksenlivet og samstundes bidra til gjensidig kunnskapsutveksling mellom yrkesfelt og utdanning. Høgskulane som utdannar sosialarbeidarar treng oppdaterte kunnskapar om utfordringane som tenestene står overfor, både for å kunne utvikle innhaldet i undervisninga og for å gjennomføre relevante forskningsprosjekt og føre kunnskap tilbake til praksisfeltet (Meld. St. 13 (2011-2012), 2012).

Dei som har delteke i forskningssirkelen er følgjande: Karina Bjørnbakk, Tone Merethe Haugstad Borgen, Bente Breivik, Marius Brustad, Vilma Vebraite Lara, Linn Iversen, Mats Rønningen, Lisbeth Senumstad, Siri Rygh, Uno Svarem, Tine E. Sveen, Bjørn Arne Winsnes.

Forskningssirkelen har også hatt ei breitt samansett referansegruppe. Husbanken har gitt kompetansetilskot til forskningssirkelen.

Oversikt over hovudfunn

Forskningsfunn frå artikkelen. Referansane står i den vedlagte rapporten.

  • Ungdomane med barnevernsbakgrunn har ofte kjent større belastningar enn andre ungdomar på grunn av manglar i omsorga dei har fått, og dei utgjer såleis ei utsett ungdomsgruppe. Dei strevar på fleire område som unge vaksne enn ungdom som ikkje har ein slik bakgrunn. Ungdom med barnevernsbakgrunn har gjennomgåande ein høgare risiko for blant anna ikkje å fullføre utdanning, utvikle dårleg fysisk og mental helse, arbeidsløyse og rusmisbruk.
  • Av bustadlause under 20 år har 13 prosent gått ut av barnevernet si omsorg. To tredelar av ungdom som har hatt tiltak i barnevernet tok imot sosialhjelp ein eller fleire gonger i perioden 1997-2005. Tilsvarande del i eit tilfeldig trekt samanlikningsutvalg, som var så likt som mogleg med barnevernutvalet med omsyn til kjønn og alder, var 15 prosent.
  • Ungdom flest får ofte støtte heimanfrå i overgangen til vaksentilværet. Unge med barnevernsbakgrunn kjenner i mindre grad denne støtta heimanfra i overgangen til vaksenlivet. Dei har heller ikkje same moglegheit til å flytte tilbake til foreldra, fosterforeldra eller ungdomsheimen som mange andre nyttar seg av.
  • Det er stor variasjon i om ungdomane får oppfølging frå barnevernet og eventuelt kva for tiltak dei får etter at dei har fylt 18 år.
  • Ei undersøking som tek føre seg samfunnsøkonomiske konsekvensar av marginalisering av ungdom syner at ved å redusere talet på ungdomar som ender utanfor arbeidslivet med 100 personer, sparar samfunnet 1,1 milliardar kroner. 

Erfaringar frå desse prosjekta er formidla i rapporten. Dette er erfaringar som andre kommunar og bydelar kan dra nytte og inspirasjon av.

  • Bydel Stovner: Overgang frå barnevernteneste til økonomisk sjøvstende
  • Bydel Grünerløkka: Eg klarar meg fint!
  • Bydel Bjerke: Samarbeidsprosedyre mellom barneverntenesta og NAV-kontoret for ungdomar i ettervern
  • Asker kommune: Arbeid med einslege mindreårige flyktningar

Erfaringar knytta til sjølve forskningssirkelen:      

  • Forskningssirkelen gir høve til å dele erfaringar, både innanfor eigen bydel/kommune og på tvers - dette vert framheva som særs nyttig.
  • Generelt sakna deltakarane meir informasjon i starten om korleis arbeidet i forskningssirkelen var tenkt.
  • Arbeidet med forankring av forskningssirkelen og prosjekta er naudsynt.
  • Det er naudsynt å setje av nok tid til å gjennomføre prosjekta i sirkelen.
  • Det vert tilrådd at deltakarane har ei liknande arbeidstilknyting.

Lenke til meir informasjon

Les Boligsosialt arbeid og ettervern - Rapport forskningssirkel VID

Viktig informasjon

Veiviseren.no blir avviklet som eget nettsted 1. april 2023. Etter denne datoen finner du innhold om bolig- og tjenesteområdet på nettstedene til direktoratene som står bak veiviseren.no. Du finner lenker nederst på siden.

Har du spørsmål? Send en e-post til redaktor@husbanken.no

Vis informasjon