Omlegging av bostøtten i 2009. Evaluering av det kommunale finansieringsbidraget.

Forfattar:
Per Medby
Publisert av:
NIBR-rapport: 2011:11
Utgivingsår:
2011
Oppdragsgivar:
Kommunal- og regionaldepartementet
Oppdragsutførar:
NIBR

Kort om publikasjonen

Denne rapporten undersøker korleis kommunale utgifter har blitt påverka av omlegginga av den statlege bustøtteordninga frå 1. juli 2009.

Då ordninga blei innført, blei det føresett at kommunane ville få innsparingar på 30 prosent av kostnaden ved omlegginga av bustøtta i 2009. Rapporten bruker dette som eit teoretisk utgangpunkt. 

Hovuddelen av potensielle kommunale innsparingar ved bustøtte er knytt til reduserte sosialhjelpsutbetalingar, og det blir derfor lagt mest vekt på å analysere substitusjon mellom bustøtte og sosialhjelp. Vidare blir det også diskutert ein eventuell substitusjon mellom statleg og kommunal bustøtte.

Analysane er baserte på koplingar frå Statistisk sentralbyrå sin inntektsstatistikk og KOSTRA 2009, i tillegg til data som blei samla i Kvinge og Medby gjennom ein websurvey.

Oversikt over hovudfunn

  • Det er ikkje grunnlag for å fastslå at dei berekna innsparingane har vore for store, og dermed heller ikkje at det kommunale finansieringsbidraget har vore for høgt.
  • Innsparingar på 30 prosent ved omlegginga av bustøtta er rimeleg.
  • Det er grunn til å anta at mesteparten av innsparingane i sosialhjelp kjem i sentrale strøk.
  • Det er ikkje forventa at kommunal bustøtte vil sjå ein betydeleg reduksjon. Dette er fordi målgruppene for den kommunale bustøtta er dei som var inne i den gamle statlege bustøtteordninga.

Lenke til meir informasjon

Les rapporten Omlegging av bostøtten i 2009


Jubileum balonger

Veiviseren - 1 år!

Hva har vi gjort på ett år?
Vi har fått inn 30 nye temaer, beskrevet 15 nye forskningsrapporter og fått inn 18 nye eksempler fra kommuner.

Hva gjør vi fremover?
Vi jobber med 2 nye e-læringskurs, flere filmer og nye temaer. Mye spennende som skjer!

Vil du være med å påvirke innholdet?
Bruk innspillsidene og brukerundersøkelsen som ligger ute her