Nomader på lavterskel?

Boligløsninger for personer med rusproblemer og psykiske lidelser

Forfattar:
Rita Sørly, Annette Fresvik, Svein Ingve Nødland og Helge Lea Tvedt
Publisert av:
Norce
Utgivingsår:
2021
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
Norce

Kort om publikasjonen

Prosjektet har undersøkt kva som kan vere gode bustadløysingar for menneske med utfordringar innan rus og psykisk helse, som har samansette og komplekse hjelpebehov. Undersøkinga er basert på fokusgruppeintervju med tilsette i 10 utvalde kommunar, fokusgruppeintervju med sentrale brukarar og/eller pårørandeorganisasjonar på feltet, og studiar av sekundærdata.

Undersøkinga har kartlagt bukvalitet, kommunens butilbod, tenester knytt opp mot butilbodet, bustadsosial organisering og økonomiske forhold. Det har òg vorte sett på perspektiva til kommunane og organisasjonane når det gjeld brukarmedverknad for innbyggjarar med rus- og psykiske helseutfordringar. Alle desse strukturane representerer element i bustadløysingar som kan fremje buevne og bukompetanse hos desse innbyggjarane. Gode bustadløysingar føreset eit samspel mellom 1) bukvalitet, 2) bustadtilbod, 3) bustadteneste, 4) bustadsosial organisering, 5) økonomiske dimensjonar og 6) brukarmedverknad.

Oversikt over hovudfunn

  • Bustadtilbodet for menneske med ROP-utfordringar er delt inn i fem hovudkategoriar; (i) bustader (spesialiserte bufellesskap og småhus) for dei med størst utfordringar knytte til det å bu, (ii) bufellesskap for andre med vesentlege ROP-utfordringar, (iii) bufellesskap for rehabilitering for styrking av buevne, (iv) Housing first-bustader og (v) akutte og mellombelse bustader.
    • I dei fleste deltakarkommunane er bustadtilbodet ikkje tilpassa behova til personar med utfordringar innan rus og psykisk helse. Kapasitetsmanglar skaper flaskehalsar og opphopingseffektar. Ei utfordring er å ha nok samlokaliserte bustader, slik at ein kan tilby tiltak tilpassa ulike grupper med varierande krav til oppfølging og kvalitetar på bustaden (til dømes kor robust bustaden skal vere).
    • Kommunane har ikkje eit tenestetilbod som fullt ut reflekterer kor stort hjelpebehov personar med rus- og psykiske utfordringar har. Personar med ROP-utfordringar har ofte behov for tenester på andre tider av døgnet enn det som vert tilbode av kommunane i dag. Fleire av kommunane gir uttrykk for at dei både ønsker og ser behov for auka bemanning for å kunne utvide tilboda. Likevel opplyser fleire kommunar at planlagde tilbod har vorte stoppa eller at ein vurderer kutt i bemanning. Kutta er grunngitte i økonomiske høve, og ikkje faglege vurderingar.

  • Kommunane har utfordringar når det gjeld samarbeid på tvers av sektorar og forvaltningsnivå. Ein del kommunar melder om fragmenterte tenester der det er ulike oppfatningar på eigarsida og helse/velferdssida. Kommunane ønsker samarbeidsarenaer og/eller felles strukturar på bustadsosialt arbeid. Fleire kommunar melder om positive erfaringar når det gjeld utvikling av nye samarbeidsarenaer.
    • Det synest å vere mangel på heilskaplege sosial- og økonomifaglege analysar der ulike bustadløysingar sest i samanheng. For å kunne tilby gode og differensierte bustadløysingar bør det utførast heilskaplege evalueringar av effekten og samansetninga av kommunale bustadløysingar.
    • Ifølgje brukar- og/eller pårørandeorganisasjonar bør bustader og tenester ha ein livslaupstandard. Ein skal kunne slå seg til ro ein stad. Tenestene som arbeider med denne innbyggjargruppa bør auka kompetansen på bustad som prosess, og ein treng eit passeleg forhold mellom omsorg/hjelp og ansvar. Det er viktig med fleksibilitet, tilgjenge og kontinuitet i tenestene. Ein har behov for gode rammer, økonomi og organisering i kommunane.
    • På bakgrunn av prosjektet har det vorte utarbeidd oppmodingar som skal sikra gode bustadløysingar for menneske med utfordringar innan rus og psykisk helse, der hjelpebehova er samansette og komplekse.

  • Kommunen må informere om, og tilby innbyggjarane sine ulike bustadløysingar:
    • Det bør vere livslaupstandard på bustader.
    • Bustad og tenester høyrer saman i gode bustadløysingar.
    • Bustadløysingane må vere tilpassa både psykisk og somatisk helse.
    • Tenestene må ta utgangspunkt i den einskilde sin nosituasjon, ein må møte folk der dei er. Nærvær, lokalmiljø og naboskap er viktig.
    • Fleksibilitet, kontinuitet og stabilitet i tenestene. Gi hjelpa når den trengst og passeleg hjelp til riktig tid og stad.
    • Ulike folk treng ulike bustadar. Det må finnast eit differensiert tilbod av bustadløysingar
    • Tverrfagleg samarbeid i kommunane skapar eit mindre fragmentert tilbod. Helse/sosial og eigedom/teknisk bør samarbeide nært om tildeling av prioriteringar av bustadløysingar.
    • Det er viktig at kommunane utviklar ein metodikk der sosialfaglege og økonomiske høve sest i samanheng ved utvikling av bustad- og tenestetilbodet til målgruppa.

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten "Nomader på lavterskel? - Boligløsninger for personer med rusproblemer og psykiske lidelser"