Når skal jeg flytte hjemmefra?

Erfaringer med boliganskaffelse for ungdom med utviklingshemming

Forfattar:
M. E. Ruud og S. Nørve
Publisert av:
NIBR-rapport 2012:28
Utgivingsår:
2012
Oppdragsgivar:
Norsk Forbund for Utviklingshemmede via ExtraStiftelsen Helse og Rehabilitering.
Oppdragsutførar:
NIBR

Kort om publikasjonen

I løpet av dei siste åra har dei utviklingshemma sitt kvardagsliv fått stadig større merksemd. Det har blitt lagt vekt på moglegheitene deira for å sjølv få bestemme, med ideal om å få leve vanlege liv, med vanlege livsrytmar i vanlege livsløp. Rapporten set søkelyset på kva for hindringar og moglegheiter som møter familiar med utviklingshemma, i prosessen rundt det å skaffe bustad.

Studien har ei kvalitativ tilnærming. Datakjeldene omfattar to kjeldekategoriar: skriftlege kjelder som policydokument, plandokument og faglitteratur, og munnlege kjelder i form av intervju. Det er gjort intervju med kommunetilsette og med foreldre, i tillegg til enkelte ungdommar.

Oversikt over hovudfunn

  • Studien viser at det ofte er avvik mellom kommunane sin praksis og handlingsrom på den eine sida og foreldre sine ønske og behov på den andre.
  • Mange kommunar har verken eit tilfredsstillande planverk, politisk prioritering av målgruppa eller disponible middel.
  • Foreldre erfarer derfor at kommunane ikkje kan tilby tilfredsstillande bustad til deira vaksne barn.
  • Mange erfarer at dei bustaden som kommunen kan tilby, er triste og nedslitne, og tilfredsstiller ikkje forventningane verken hos foreldre og barn.
  • Foreldre er ikkje er like skeptiske til større bufellesskap som for eksempel interesseforeiningane er.

Lenke til meir informasjon

Les rapporten Når skal jeg flytte hjemmefra