- Forfattar:
- S. Søholt, A. M. Ødegård, B. Lynnebakke og L. Eldring
- Utgivingsår:
- 2012
- Oppdragsutførar:
- Fafo og NIBR
Kort om publikasjonen
Rapporten ser på kva som skjer når fri arbeidsmobilitet innan EØS-landa møter lokale og nasjonale bustadmarknader, med særleg fokus på korleis vilkår i arbeidslivet og bustadmarknaden påverkar arbeidsinnvandrarane sin bustadsituasjon.
Resultata baserer seg på ein kombinasjon av dokument- og litteraturgjennomgang, gjennomgang av føreliggande statistikk og kvalitative intervju med nøkkelaktørar. Det er sett nærmare på fire utvalde case-kommunar: Oslo, Bergen, Hamar og Sarpsborg.
Oversikt over hovudfunn
- Leigemarknaden er viktigare for arbeidsinnvandrarar enn for befolkninga generelt. På grunn av auka leigeprisar møter dagens arbeidsinnvandrarar ein heilt annan leigemarknad enn det arbeidsinnvandrarane på 1970-talet gjorde.
- Å få bustad gjennom arbeidsgivar gjer arbeidsinnvandrarane sårbare, for eksempel fordi ein ikkje vil klage på arbeidsforhold i frykt for å miste bustaden.
- Arbeidsinnvandrarar som søker etter bustad på leigemarknaden, møter på utfordringar knytte til språk og manglande kunnskap om norske lover og reglar.
- Arbeidsinnvandrarar som ønsker å kjøpe bustad, er avhengige av å forstå norsk for å kunne forstå takstar og kjøpskontraktar. Det er ei utfordring å få lån i banken, for eksempel fordi ein ikkje har fast tilsetting eller har for låg eigenkapital. Kravet til eigenkapital blir ikkje vege opp av tilstrekkeleg betalingsevne.
Lenke til meir informasjon
Les rapporten fra Fafo og NIBR