Mot en ny bosettingsmodell?

Direkteplassering av enslige mindreårige

Forfattar:
K. Thorshaug, V. Paulsen, M. Røe og B. Berg
Utgivingsår:
2013
Oppdragsutførar:
NTNU Samfunnsforskning AS

Kort om publikasjonen

NTNU Samfunnsforskning har følgeevaluert pilotprosjektet «Direkteplassering av enslige mindreårige», som blei gjennomført i 2011 og 2012. Piloten bestod i å teste ut ein ny modell for busetting av einslege mindreårige asylsøkarar. Dei einslege mindreårige blei plasserte direkte i kommunar frå transittmottak, mens ein ventar på svar på asylsøknaden. Den nye modellen skulle redusere ventetida i mottak for einslege mindreårige asylsøkarar, slik at dei raskare kunne etablere seg i ein kommune med skulegang og anna integrering.

Rapporten samanfattar erfaringar frå pilotprosjektet frå statlege aktørar, deltakarkommunane (til saman seks kommunar) og dei einslege mindreårige sjølve.

Oversikt over hovudfunn

  • Modellen frå pilotprosjektet blir ikkje tilrådd fordi det er usikkert om plassering direkte frå transittmottak vil fungere under eksisterande rammevilkår og kontekst. Pilotprosjektet sin modell blir vurdert som lite berekraftig som nasjonal modell – særleg i periodar med fleire asylsøkarar og auka busettingsbehov.
  • Direkteplassering av einslege mindreårige inneber svært tett samarbeid mellom dei involverte aktørane. Det blir vurdert som lite realistisk at aktørane klarer å ha eit så tett samarbeid dersom ordninga skulle skalerast opp og omfatte alle einslege mindreårige.
  • Direkteplassering føreset effektive prosessar for å sikre kort tid i transittmottak. Vurderingar frå involverte i systemet og tidlegare erfaringar tilseier at det er høgst usikkert om dei involverte aktørane vil klare å jobbe raskt nok til å få til god direkteplassering av einslege mindreårige.
  • Det blir tilrådd at dagens busettingsmodell blir ført vidare, med forbetringar og innslag av element frå direktebusetting.
  • Busettingsmodellen må være robust og fleksibel nok til å takle store svingingar i pågang av asylsøkarar og busettingsbehov.

Lenke til meir informasjon

Les rapporten Mot en ny bosettingsmodell

Vedlegg

Mot en ny bosettingsmodell?

Viktig informasjon

Veiviseren.no blir avviklet som eget nettsted 1. april 2023. Etter denne datoen finner du innhold om bolig- og tjenesteområdet på nettstedene til direktoratene som står bak veiviseren.no. Du finner lenker nederst på siden.

Har du spørsmål? Send en e-post til redaktor@husbanken.no

Vis informasjon