Modeller for utleie med sosiale formål

Forfattar:
P. Medby, A. Holm og K. Astrup
Publisert av:
NIBR-rapport: 2012:18
Utgivingsår:
2012
Oppdragsgivar:
Kommunal- og regionaldepartementet
Oppdragsutførar:
NIBR

Kort om publikasjonen

Rapporten analyserer kva som skal til for å stimulere aktørar til å gå inn i utleigeprosjekt med sosiale formål. Rapporten diskuterer også ulike måtar leigemarknaden for bustader kan klassifiserast på.

Rapporten viser sentrale element, bl.a. risiko (verdirisiko, kostnadsrisiko og etterspørselsrisiko), avkastning (ikkje nødvendigvis profitt) og bindingstid. Med utgangspunkt i ein stilisert modell viser rapporten kva for tilskotsdel som må til for at noverdien i investeringsprosjektet skal gå i null. Det blir også gjennomført nokre illustrative berekningar.

Prosjektet er basert på intervju av representantar for bustadbyggelag og kommunar i dei tre største byane (Oslo, Bergen og Trondheim).

Oversikt over hovudfunn

  • Verken ikkje-kommersielle bustader eller utleige med sosiale formål er mogleg å definere klart.
  • Det finst få eller ingen norske kommunar som har etablert samarbeidsrelasjonar med utleigarar som ikkje tilbyr kommunen tildelingsrett.
  • Fleire bustadbyggelag er svært positive med tanke på å drive utleige av bustader med sosiale formål, men ser ikkje at det er mogleg innanfor dagens tilskotsordningar.
  • Statleg tilskot synest å vere ein føresetnad for bustadbyggelag si utleigesatsing.

Lenke til meir informasjon

Les rapporten Modeller for utleie med sosiale formål

Viktig informasjon

Veiviseren.no blir avviklet som eget nettsted 1. april 2023. Etter denne datoen finner du innhold om bolig- og tjenesteområdet på nettstedene til direktoratene som står bak veiviseren.no. Du finner lenker nederst på siden.

Har du spørsmål? Send en e-post til redaktor@husbanken.no

Vis informasjon