Mobilitet blant eldre på boligmarkedet - holdninger, drivere og barrierer

Forfattar:
Sørvoll (red.), Gulbrandsen, Nordvik, Ekne Ruud, Sandlie, Skogheim og Vestby
Publisert av:
NOVA, OsloMet
Utgivingsår:
2020
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
NOVA

Kort om publikasjonen

Bustad er eit personleg ansvar i Noreg, og det offentlege si rolle er i første rekkje å støtte opp om dette ansvaret, mellom anna gjennom å leggje til rette for at eldre vert i stand til å handtere sin eigen busituasjon lengst mogleg. Det finst fleire kjelder som viser at fleire eldre burde skifte eller tilpasse bustaden på eit tidlegare tidspunkt i livslaupet sitt.

Delen av eldre i det norske samfunnet aukar. Med auka alder aukar sannsynet for svekking som kan føre til fysisk eller mental funksjonsnedsetting eller -svikt. Eldre og middelaldrande har i lita grad planar om å gjere tilpassingar for å sikre ein bustad som vil tilfredsstille framtidige behov. Kva er eldre personar sine valmoglegheiter på bustadmarknaden? Og korleis varierer desse moglegheitene med faktorar som til dømes geografi og økonomi? Kva kjenneteiknar eldre personar sin faktiske flytte- og utbetringsaktivitet? Korleis har denne aktiviteten endra seg over tid? Kva fremjer («drivarar») og hindrar («barrierar») bustadutbetring og flytting når det kjem til aldersrelaterte funksjonsnedsetjingar? Finst det geografiske variasjonar med omsyn til desse drivarane og barrierane?

Rapporten undersøker verkemiddel som kan bidra til at eldre kan bu heime lenger, anten ved å flytte eller tilpasse eksisterande bustad. Det vert peika på at bakgrunnen for problem med mishøve mellom bustadmasse, privatøkonomi, funksjonsnivå og omsorgsbehov er mangearta og ein bør derfor jobbe for ein variert meny av verkemiddel.

Oversikt over hovudfunn

  • Eit hovudfunn er at det er vorte meir vanleg å flytte for personar i aldersspennet 60-75 år dei siste tjue åra. Denne gruppa flyttar i stor grad frå einebustader til meir tilgjengelege blokkleilegheiter. Det inneber at eldre gjer strategiske bustadtilpassingar og at denne aktiviteten har auka dei siste åra.
  • Mange eldre utfører vedlikehald på bustaden, men berre i lita grad for å auke tilgjengelegheita. Eit unntak er bad og kjøkken der nokre fleire opplyser at dei òg har gjennomført tiltak for å betre tilgjengelegheita. Når ein tilpassar bustaden for å auke tilgjengelegheita, skjer det først etter at behovet har meldt seg eller er forventa i nær framtid.
  • Mange eldre opplever at dei har god nok økonomi til å kunne agere på bustadmarknaden. Samstundes er det eit betydeleg mindretal som seier at dei ikkje har råd til eller prioriterer flytting på grunn av økonomi (denne delen er størst i spreittbygde strøk). Langt fleire opplyser likevel at marknadsprisane er for høge i kommunen deira. Dette gjeld for heile landet.
  • Helse kan vere både ein drivar og ein barriere. Det er først og fremst dei med eit helsemessig behov som gjennomfører tilpassingar. Dei som planlegg å bli buande er dei som er mest tilbøyelege til å tilpasse bustaden. Helsetilstanden kan òg fungere som ein barriere ved at flytting vert vanskelegare ved aldersrelaterte svekkingar.
  • Eldre uttrykker ei sterk tilhøyrsle til stad, noko som indikerer at det ikkje berre er dei fysiske eigenskapane på bustaden som er viktige, men også nærmiljøet.
  • På samfunnsnivå er eigenskapar ved den lokale bustadmarknaden viktig. Det er ein stor forskjell mellom bustadmarknadene i sentrale område og i distrikta. I førstnemnde er tilbodet av tilgjengelege bustader størst og det er her dei eldre flyttar mest. I distrikta er tilbodet av tilgjengelege bustader lite og her flyttar dei eldre minst.
  • Mangel på offentlege rådgjevingstenester kan vere ei barriere. Ganske få er vorte kontakta eller har hatt kontakt med kommunen i samband med spørsmål om utbetring.

Oppmodingane i rapporten

  • Tilskot til utbetring av bustad kan skape eit samanfall mellom privatøkonomisk og samfunnsøkonomisk lønnsemd. Samstundes er det viktig å utforme ordningar som endrar åtferd utan å føre til overforbruk eller dårlege vridingar av offentlege ressursar.
  • Manglande informasjon og handlekraft i målgruppa hindrar gode løysingar. Det er eit potensial for betre bustadrådgiving om moglegheiter for utbetring, men også finansiell rådgjeving.
  • Ei problemstilling det bør takast tak i, er eldre med svak økonomi og behov for ein meir tilpassa bustad. Her vert det mellom anna peika på utleigebustadprosjekt som ei mogleg løysing.
  • Eit viktig perspektiv som rapporten trekkjer fram, er at bustad må sjåast i samanheng med nærmiljøet. Tilgjengelege bustader må byggjast der nærmiljøet også er attraktivt for eldre - alternativt utvikle ein politikk som gjer fleire stader attraktive, til dømes ved ei god transportteneste.

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten: Mobilitet blant eldre på boligmarkedet - holdninger, drivere og barrierer.