Minoritetsetniske familiers boligsituasjon i Bydel Bjerke

Forfattar:
A. Kaasa, E. Døhlie og K. M. Woll
Publisert av:
Rapport 2010/5
Utgivingsår:
2010
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
Diakonhjemmet Høgskole, NAV Byde Bjerke og Leieboerforeningen

Kort om publikasjonen

Bydel Bjerke er den bydelen i Oslo som har hatt høgast auke i talet på innvandrarar i perioden 1993–2009. Temaet for rapporten er minoritetsetniske familiar sine erfaringar og utfordringar i bustadsituasjonen i Bjerke bydel. Prosjektet er eit forprosjekt for eit større samarbeidsprosjekt mellom bydelen, høgskulen og Husbanken, og ramma for prosjektet er HUSK-samarbeidet mellom bydel Bjerke og Diakonhjemmet høgskole. Det overordna målet er gjennom ulike tiltak å skape ein betre bustadsituasjon for dei som treng bistand til å skaffe eigen bustad.

Rapporten baserer seg på kvalitative intervju med ni barnefamiliar med minoritetsetnisk bakgrunn.

Oversikt over hovudfunn

  • Halvparten av dei som er intervjua, er i ein svært sårbar situasjon utan støttespelarar og med eit avgrensa nettverk.
  • Det er ein lang veg å gå for reell brukarmedverknad.
  • Både utleigarar, sosialtenesta sine tilsette og bebuarar har behov for meir kunnskap.
  • Mange familiar manglar grunnleggande kunnskap om eigen leigekontrakt, om bustadmarknaden og om rettane sine.
  • Bustaden og bumiljøet har stor betyding for livskvalitet.

Lenke til meir informasjon

Les rapporten Minoritetsetniske familiers boligsituasjon i Bydel Bjerke