- Forfattar:
- C. Frantzen og E. M. N. Karagøz
- Publisert av:
- Diakonhjemmet rapport 2011
- Utgivingsår:
- 2011
- Oppdragsgivar:
- Støtte fra RKDD, Sykehuset Innlandet HF og fra Husbanken
- Oppdragsutførar:
- Diakonhjemmet sykehus, Vinderen DPS, TEDD og Stiftelsen Kirkens Bymisjon Oslo, ByBo
Kort om publikasjonen
Denne rapporten summerer opp erfaringar frå eit tre års arbeid i perioden 2008 – 2011 i prosjektet «Min bolig – mitt hjem». Rapporten beskriv moglegheiter og utfordringar i samarbeidet mellom spesialisthelsetenesta og bydelar i Oslo, omkring busetting av ti heimlause pasientar med dobbeldiagnose: alvorleg psykisk liding og samtidig ruslidingar.
Oversikt over hovudfunn
- Av dei ti informantane var seks etablerte i eigen varig bustad (eigd eller leigd) ved prosjektet si avslutning. Av dei fire utan fast bustad hadde tre personar opphald i ulike bu- og rehabiliteringsinstitusjonar.
- Prosjektet har identifisert fire kritiske hovudfaktorar: individ, bustad, hjelparane og rammene.
- Informanten har ei samansett blanding av individuelle risikofaktorar: psykoselidingar, depresjon og skadar frå overdosar, avvik i åtferd og kognitive funksjonsnedsettingar.
- I Oslo er det mangel på kommunale bustader. Vidare fell desse personane utanfor dei statlege og kommunale støtteordningane til å eige eigen bustad: startlån og bustadtilskot. Privat gjeld og bortfall av tenesteapparatet ved flytting er også faktorar.
- Fleksibilitet synest å vere den viktigaste nøkkelen mellom pasient og hjelpar, mellom kollegaer og mellom tilsette og systemet dei er tilsette i.
- Stabilitet og varigheit i busituasjonen kombinert med individuelt tilpassa oppfølging er nøklar til funksjonelle bustadløysingar.
- Tett kontakt med spesialisthelsetenesta er ein føresetnad for at kommunen/bydelane skal lykkast i å busette personar med så lågt funksjonsnivå.