- Forfattar:
- I. Anderson, E. Dyb og S. Ytrehus
- Utgivingsår:
- 2012
- Oppdragsutførar:
- NIBR, Diakonhjemmet University College, University of Stirling
Kort om publikasjonen
Rapporten er basert på pilotprosjektet: ”Meeting the needs of homeless people: Interprofessional work in Norway and Scotland”. Hovudtemaet i rapporten er på kva måtar samarbeid mellom hjelpeapparatet og velferdsprofesjonsutdanning bidrar til eit betre liv for bustadlause, og i tillegg bustadtematikken si rolle i tverrfagleg arbeid. Prosjektet er ein komparativ studie mellom Noreg og Skottland. Prosjektet er basert på ein litteraturgjennomgang, i tillegg til intervju med profesjonsutdanna i begge land.
Oversikt over hovudfunn
- Vektlegginga av tverrfagleg samarbeid er i liten grad støtta av teori.
- Det er meir substansiell forskingslitteratur på tverrfagleg samarbeid i helse- og sosialomsorgsfeltet enn i bustad- og bustadløysefeltet.
- Data frå intervjua indikerer både fremmande og hemmande faktorar i integreringa av bustadtematikk i tverrfagleg arbeid og for effektiviteten av dette arbeidet.
Hovudmålsettinga med eit påfølgande hovudprosjekt er å utvikle kunnskap om modellar for tverrfagleg arbeid som også inkluderer bustadtematikk, for å kunne arbeide med og for personar med samansette behov.
Lenke til meir informasjon
Les rapporten Meeting the needs of homeless people: Interprofessional work in Norway and Scotland