Man må ha en plass å bo

En sosiologisk studie av vanskeligstilte i et boligeierland

Forfattar:
A. Vassenden, T. Lie og K. Skoland
Publisert av:
Rapport IRIS- 2012/029
Utgivingsår:
2012
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
International Research Institute of Stavanger (IRIS).

Kort om publikasjonen

Rapporten handlar om vanskelegstilte på bustadmarknaden og fokuserer på kva bustadsituasjonen har å seie for blant anna identitetsdanning, oppleving av stigma og av medborgarskap. Tilnærminga er «nedanfrå», frå dei vanskelegstilte sitt perspektiv. Vassenden mfl. peikar på at denne typen av «nedanfrå»-studiar og studiar som relaterer seg aktivt til den meir generelle sosiologiske litteraturen knytt til identitet, sosial interaksjon, stigma, kulturelle verdsettingar med meir, har vore fråverande i forsking på dei vanskelegstilte i bustadmarknaden.

Studien er basert på intervju med personar som er vanskeligstilte i bustadmarknaden: flyktningfamiliar, rusavhengige, personar med psykiske lidingar, dei som er utskrivne frå fengsel, uføretrygda, einslege forsørgarar og personar med svak økonomi.

Oversikt over hovudfunn

  • Sosial eksklusjon og utstøyting opptrer på grunn av eigenskapar ved dei tre bustadformene i Noreg: (a) Bustadeigarskapet synest ut frå materiale å vere nær uoppnåeleg for mange grupper, på grunn av knapp tilgang på bustader og utviklinga i bustadprisane. (b) For svakstilte grupper er den private eigemarknaden ofte prega av å vere flyktig, og av manglande åtgang for «dei allereie ekskluderte», dei som er synleg/kjent annleis. (c) Den kommunale bustadsektoren er residualisert og stigmatisert, noko som dels er ein konsekvens av aukande målretting mot svake grupper og følgeleg streng behovsprøving.
  • Det er eit behov for fleire kommunale bustader.
  • Det er behov for ein inngåande diskusjon av det sentrale målet i norsk bustadpolitikk, at «alle» skal eige bustad.
  • Eit anna punkt angåande kommunale bustader er at det trengst fleire i «ordinære bumiljø».
  • Det er behov for ein større profesjonalisert leigesektor som kan både dempe presset på kommunal leigesektor og potensielt ta av noko trykket i eigarmarknaden.

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten «Man må ha en plass å bo».