Løslatt og hjemløs

Bolig og bostedsløshet etter fengselsopphold

Forfattar:
E. Dyb, I. Brattbakk, K. Bergander og J. Helgesen
Utgivingsår:
2006
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
NIBR, KRUS og Byggforsk

Kort om publikasjonen

Ein stor del av dei innsette i norske fengsel blir lauslatne utan å ha ein bustad. Kor mange dette har dreia seg om, var ikkje talfesta. Målet med forskingsprosjektet har vore å skaffe ny kunnskap og utvide eksisterande kunnskapsgrunnlag om bustadsituasjonen ved lauslating frå fengselsopphald.

Rapporten bygger på fleire datakjelder – både kvantitative og kvalitative. Dei to viktigaste er ein survey til innsette i eit utval fengsel og ei tilpassa form for nettverksintervju med ein innsett, den innsette sin kontaktbetjent – sosialkonsulenten i fengselet, der den innsette ikkje hadde kontaktbetjent – og den innsette sin saksbehandlar ved sosialkontoret i heimkommunen.

Oversikt over hovudfunn

  • Butid i bustad før fengselsopphaldet er kort: tre og eit halvt år i gjennomsnitt.
  • Bustadsituasjonen utviklar seg negativt under fengselsopphaldet.
  • Undersøkinga, både dei kvantitative og kvalitative dataa, bekreftar at det er for seint å begynne med å skaffe bustad to månader før lauslatinga.
  • Ein tredel mistar bustaden sin under fengselsopphaldet. Og berre unntaka skaffar seg bustad før lauslatinga.
  • Sjølve fengselsopphaldet skaper bustadløyse.

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten «Løslatt og hjemløs».