Livsopphold ved Startlån– en praktisk oppfølging

Forfattar:
E. Borgeraas og R. Brusdal
Utgivingsår:
2012
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
SIFO

Kort om publikasjonen

Dette arbeidet er ei rapportering frå del 2 i evalueringa av korleis SIFO sitt referansebudsjett blir brukt i kredittvurderinga av personar som søker Startlån, og kor eigna budsjettet, i si nåverande form, er til dette formålet.

I del 1 av prosjektet blei det konstatert at Referansebudsjettet bereknar for høge livsopphaldsutgifter, og at det i mange situasjonar er forsvarleg å gi Startlån til personar med eit lågare livsopphald. Det blei derfor foreslått at det blir innført ei ny nedre grense for livsopphald basert på ein såkalla 5-årsstandard. Forslaget var at det blir innført eit intervall på livsopphaldsnivået som meir presist avgrensar saksbehandlarane sitt handlingsrom for å utøve skjønn i si kredittvurdering. I praksis innebar det å innføre eit «trafikklyssystem», der Referansebudsjettet definerte eit uproblematisk livsopphald – «grønt lys» – dvs. at søkarar med eit livsopphald på dette nivået eller høgare normalt ikkje bør få avslag på sin søknad fordi livsopphaldsnivået ikkje er tilstrekkeleg. Søkar som hadde eit livsopphald under den såkalla 5- årsstandarden bør derimot – dersom ikkje særskilde forhold tilseier det – ikkje få løyvd Startlån fordi livsoppholdet er for lågt («raudt lys»). Intervallet mellom Referansebudsjettet og 5-årsbudsjettet er det området der den enkelte saksbehandlar bør få nytte sitt faglege skjønn i kredittvurderinga – «gult lys». I tillegg blei det også tilrådd at Husbanken sin kalkulator la seg tettare opp mot SIFO sine berekningar.

I del 1 av dette prosjektet blei det ikkje høve til å prøve desse tilrådingane ut i praksis. Det blei derfor initiert ein del 2, der tilrådingane blei prøvd ut og diskutert med saksbehandlarar i 7 kommunar fordelte over landet (Alta, Asker, Bergen, Hamar, Oslo, Raufoss og Sandefjord). Rapporten er basert på erfaringar frå denne utprøvinga.

Oversikt over hovudfunn

  • Denne rapporten støtta opp under dei mellombelse tilrådingane frå første del av prosjektet.
  • Husbanken innfører den foreslåtte 5-årsstandarden som nedre grense for Startlån.
  • Husbanken implementer moglegheiter for det foreslåtte «trafikklyssystemet» i sin livsopphaldkalkulator.
  • Husbanken bruker Referansebudsjettet og 5-årsstandarden i sin heilskap i kalkulatoren sin.
  • Berekningane av stordriftseffektar er dei same i 5-årsstandarden som i Referansebudsjettet.
  • Endringar i berekningsgrunnlag og prinsipp for berekning av stordriftseffektar i Referansebudsjettet blir gjennomførte også i 5-årsstandarden.

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten «Livsopphold ved Startlån, en praktisk oppfølging».