Livsopphold ved startlån

En evaluering av SIFOs referansebudsjett i vurdering av Startlån

Forfattar:
E. Borgeraas og R. Brusdal
Utgivingsår:
2012
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
SIFO

Kort om publikasjonen

Hensikta med dette prosjektet er å starte eit arbeid med å utvikle eit livsopphaldsbeløp for personar som søker startlån med utgangspunkt i SIFO sitt referansebudsjett. Denne delen av prosjektet tar sikte på å vurdere kor eigna dagens tilrådde livsopphald er, og eventuelt komme med forslag til eit betre tilpassa livsopphaldsbeløp. Hovudproblemstillinga i dette prosjektet er, med utgangspunkt i SIFO sitt referansebudsjett, å utvikle eit livsopphaldsbeløp som tar omsyn til den situasjonen søkarar av startlån er i.

Hovudproblemstillinga kan delast i to. For det første er det nødvendig å vurdere om dagens referansebudsjett er eigna som reiskap i kredittvurdering av personar som søker startlån. Det er her nødvendig å gi ei faglig vurdering av nivået på livsopphaldet som følger av referansebudsjettet. Stiller referansebudsjettet for strenge krav til lånsøkarar si inntekt og dermed stenger viktige målgrupper for startlån ute? For det andre er det eit spørsmål om korleis referansebudsjettet skal tilpassast kredittvurderinga for startlån. Rapporten er både basert på den praktiske erfaringa frå informantkommunar og vurderingar av dei sentrale føresetnadene i referansebudsjettet og i tillegg Husbanken sine tilpassingar av dette.

Oversikt over hovudfunn

  • Hovudkonklusjonen i dette arbeidet er at SIFO sitt referansebudsjett – og den tilpassinga som Husbanken har gjort til budsjettet – ikkje er særleg veleigna som nedre grense for å kunne gi startlån.
  • Det finst ei rekke situasjonar der det både er mogleg og fornuftig å gå under det tilrådde nivået for livsopphald.
  • Det er viktig å gi rom for saksbehandlarane sitt praktiske skjønn når det gjeld vurderingar av søkarane sin økonomi.
  • Det er store variasjonar i saksbehandlarane sin kompetanse om livsopphald og faktamaterialet som ligg til grunn for Husbanken sine tilrådingar.

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten «Livsopphold ved startlån».