Konkurransen i bustadutviklarmarknaden

Forfattar:
Konkurransetilsynet
Utgivingsår:
2015
Oppdragsutførar:
Konkurransetilsynet

Kort om publikasjonen

Bakgrunnen for igangsetjing av Konkurransetilsynet sine undersøkingar var at bustadprisane i Noreg aukar og stig raskare enn byggjekostnadane.

  • Den sterke prisveksten har ikkje ført til ein tilsvarande auke i bustadbyggjinga.
  • Samstundes har produktivitetsutviklinga i byggjenæringa vore svak over lengre tid.
  • I 2014 sende Konkurransetilsynet brev med spørsmål til omlag 60 aktørar i marknaden. I tillegg har tilsynet vore i dialog med ulike kommunar knytta til dei største byregionane.

Oversikt over hovudfunn

Rapporten frå Konkurransetilsynet syner at svak konkurranse er ein av grunnane til at det vert bygd for få nye bustadar og at bustadprisane stig. Bustadprisane i Noreg veks og stig raskare enn byggjekostnadane. Den sterke folkeauka og veksten i bustadprisane har ikkje ført til ein tilsvarande auke i bustadbyggjinga. Samstundes har produktivitetsutviklinga i byggjenæringa vore svak over lengre tid. Rapporten konkluderer med at det er fleire hinder for ein effektiv konkurranse i bustadutviklarmarknaden, noko som igjen gir færre og dyrare bustadar for folk.

Hinderløypa inneheld i hovudsak følgjande hinder:
  • Offentlege reguleringar og krav frå styresmaktene
  • Planprosessar i kommunane
  • Knappheit på boligtomter
Rapporten peikar på problem, men kjem også med forslag til løysingar. Følgjande konkurransefremjande tiltak vert trekt fram:
  • Fleire areal og tomter bør regulerast til bustadformål
  • Reguleringsprosessane må verte meir effektive og føreseielege
  • Kommunen må ta ein meir aktiv tilretteleggarrolle
  • Ein må få fleire små og mellomstore aktørar inn på marknaden

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten Konkurransen i bustadutviklermarknaden