- Forfattar:
- Lene Schmidt
- Utgivingsår:
- 2014
- Oppdragsgivar:
- Norges forskningsråd
- Oppdragsutførar:
- Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR)
Kort om publikasjonen
Denne delrapporten dreier seg om kva bukvalitetar som er ivareteke i nye bustadprosjekt bygd som fortetting i den kompakte byen og konsekvensane for sosial berekraft. Prosjektet analyserer resultata i lys av planar for utbygginga og korleis aktørane handterer målkonfliktar i planprosessen.Oversikt over hovudfunn
- Funn i rapporten støttar tidlegare forsking som har vist at felles goder kan vere under press i den kompakte byen og er uttrykk for sentrale målkonfliktar i berekraftig byutvikling.
- Rapporten stadfestar vidare at antakinga om at heilskaplege planar og ein god planprosess kan ha ei positiv tyding for resultatet og medverke til god bukvalitet.
- Ein heilskapleg byplan er viktig. Likevel vil kvart einskilt prosjekt vere eit resultat av nye forhandlingar mellom aktørane. Planprosessen kan difor også få avgjerande verknad for
resultatet.