Kommuners fremskaffelse av boliger til flyktninger

Det er litt sånn at veien blir til mens en går

Forfattar:
K. Thorshaug, S. Svendsen, V. Paulsen og B. Berg.
Publisert av:
NTNU Samfunnsforskning
Utgivingsår:
2011
Oppdragsgivar:
Integrering- og mangfoldsdirektoratet og Husbanken
Oppdragsutførar:
NTNU

Kort om publikasjonen

Formålet med rapporten er å identifisere kva forhold som fremmer og hemmar kommunar si skaffing av bustader til flyktningar, og peike på løysingar som kan sikre at tilgang på passande bustader ikkje skal vere ein flaskehals i busettinga av flyktningar. Bakgrunnen for prosjektet har vore at fleire kommunar har peika på at mangel på bustader er ein viktig årsak til at kommunen ikkje ser seg i stand til å busette (fleire) flyktningar.

Rapporten sitt gjennomgåande tema er koplinga mellom det flyktningfaglege og det bustadfaglege.

Rapporten baserer seg på ei undersøking blant 200 flyktningkonsulentar og 115 bustadkonsulentar i kommunane som har busett flyktningar, i tillegg til ein djupstudie i seks kommunar. I tillegg baserer rapporten seg på dokumentgjennomgang og intervju med utvalde representantar frå IMDi, Husbanken og KS.

Oversikt over hovudfunn

  • Dei fleste kommunar klarer å nå busettingsmåla, trass i at det mange stader manglar formaliserte rutinar og metodar for arbeidet.
  • Kommunane er ulike, og løysingane må tilpassast den situasjonen den enkelte kommunen er i.
  • Ei gjennomgåande utfordring er manglande heilskapleg planlegging.
  • Det er behov for sikring av samarbeid, både formelt og faktisk, mellom involverte einingar.
  • Mangel på faste samarbeidsrutinar og tydeleg ansvarsfordeling mellom flyktningtenesta, eigedomstenesta, bustadforvaltninga og ansvarlege for Husbanken sine ordningar er eit gjennomgåande problem; flyktningarbeidet blir skilt frå det andre bustadsosiale arbeidet.
  • Det er ein samanheng mellom manglande gjennomstrøyming og manglande kartlegging av tilgjengelig bustadmasse, leigekontraktar og bustadbehov.
  • Når det gjeld utnytting av Husbanken sine ordningar, viser rapporten til at bustøtta blir utnytta aktivt, men at bustadtilskot og startlån i liten grad blir nytta til å busette flyktningar.

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten om å skaffe bustader til flyktningar.