Kommunen som boligeier

Praksis og rutiner ved utleie av kommunalt disponerte boliger

Forfattar:
Åsmund Langsether og Anne Skårberg
Publisert av:
NOVA Rapport 5/2007
Utgivingsår:
2007
Oppdragsgivar:
Kommunal- og regionaldepartementet
Oppdragsutførar:
NOVA

Kort om publikasjonen

Hovudhensikta med denne rapporten er å kartlegge kommunane sin praksis og rutinar i forvaltninga av kommunalt disponerte utleigebustader.

Dei viktigaste problemstillingane i rapporten er å

  1. belyse om kommunane sin praksis når det gjeld søknadsbehandling, tildeling og klager på avgjersler om kommunalt disponerte bustader, er i tråd med god forvaltningsskikk
  2. bidra med relevante data for ei vurdering av om husleigelova sine føresegner om «klausulering av boliger» i lova sitt kapittel 11 sikrar at bustader som er klausulerte, blir nytta i samsvar med formålet med klausuleringa.
  3. gi ei oversikt over dei rutinane kommunane praktiserer i forhold til misleghald av leigekontraktar (med vekt på husleigebetalinga) både i kommunale utleigebustader, kommunalt disponerte bustader og private utleigebustader.
  4. gi ei oversikt over rutinar og ressursinnsats for å redusere omfanget av utkastingar

Undersøkinga er basert på ei nettbasert spørjeundersøking som blei sendt til 103 kommunar og dei 15 bydelane i Oslo. Så langt som mogleg prøvde forfattaren å sende spørjeskjemaet til etatar/personar med eit sentralt ansvar for å behandle søknader om kommunale bustader.

Oversikt over hovudfunn

  • Kommunane sine rutinar og praksis viser gjennomgåande ein klar samanheng med kommunane sin størrelse.
  • Dei fleste – 2 av 3 – kommunar har vedtatt retningslinjer for kven / kva for grupper som skal prioriterast ved tildeling av kommunale bustader. Dei fleste har også gjort disse retningslinjene offentleg kjende. Dei største kommunane har den beste praksisen på dette området.
  • Alle kommunane opplyser at dei orienterer dei som søker bustad, om rettane deira etter forvaltningslova, men om lag ein tredjedel seier at dette berre skjer på førespurnad.
  • Dei største kommunane er flinkast til å opplyse søkarane om at dei har klageåtgang og kor dei kan klage, dersom søknaden deira er avslått.
  • Ved utleige av gjennomgangsbustader praktiserer dei aller fleste kommunar tidsbestemte leigeavtaler. Dei fleste ser også ut til å praktisere ein leigeperiode kortare enn 3 år.
  • Ved utleige av spesialbustader dominerer tidsubestemte avtaler.
  • Vel halvparten av kommunane opplyser at dei har utforma særlege husordensreglar for sine gjennomgangsbustader. Dei minste kommunane rapporterer sjeldnast om slike reglar.
  • Ein knapp tredjedel av kommunane har skaffa seg åtgang til å omplassere eller heve leigeavtalen for leigarar som opptrer uakseptabelt.
  • Kommunane rapporterer i hovudtrekk om svært varierande rutinar og praksisar i arbeidet med misleghald og utkastingar. Dei største kommunane arbeider meir rutinert.
  • Dei fleste kommunane har rutinar for å følge opp folk som blir kasta ut av ein leigd bustad, men også her er det stor variasjon i praksis; 9 av 10 store kommunar har slike rutinar, men berre halvparten av dei små.
  • Formalisert samarbeid mellom kommune og namsmyndigheit er lite vanleg; berre 1 av 10 kommunar rapporterer om det.

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten «Kommunen som boligeier« frå NOVA.