Kommunal- og samfunnsøkonomiske effekter av boligsosial politikk

Beregninger basert på konstruerte klienthistorier

Forfattar:
Rolf Barlindhaug, Katja Johannessen og Evelyn Dyb
Utgivingsår:
2011
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
NIBR

Kort om publikasjonen

Rapporten set fokus på kommunal bustadsosial politikk og i kva grad det på kort og lang sikt er økonomisk gunstig for ein kommune å auke innsatsen i det bustadsosiale arbeidet.

Rapporten tar utgangspunkt i eksisterande lover som regulerer minstekrav til kva for bustadtenester og andre tenester personar og husstandar har krav på. Lovgrunnlaget gir rom for ulike tolkingar, samtidig som det kontinuerleg blir arbeidd med å sikre at fleire får dei tenestene dei har krav på. Dei berekningane som blir gjort i rapporten, er basert på konstruerte klienthistorier, der kvar historie har to ulike utviklingar. I konstruksjonen av utviklingane blei det tatt for gitt at kommunane oppfyller minstekrava til tenestene.

Spørsmålet som blir stilt, er om det kan vere økonomisk gunstig for ein kommune å auke nivået på og omfanget av ulike tenester innanfor det bustadsosiale arbeidet utover minstekrava.
Dei konstruerte klienthistoriene er baserte på kommunerepresentantane si saksbehandlingserfaring, og dei er meint å vere mest mogleg realistiske.

Vidare er rapporten basert på informasjon om kostnader knytte til bustadpolitikk, som blei skaffa til vegar av saksbehandlarane i kommunane.

Oversikt over hovudfunn

  • Berekningane som er gjort for dei seks klienthistoriene, viser til dels svært ulike effektar for kommunane sin økonomi.
  • Ser ein berekningane over ein 30-årsperiode, er det samfunnsøkonomisk lønnsamt for kommunen å sette inn tiltak for fem av seks husstandar. For kommunen er det i dag berre tre av seks det lønner seg å hjelpe.
  • Overfor vanskelegstilte på bustadmarknaden vil einsidig bruk av bustadpolitiske tiltak ikkje vere tilstrekkeleg. Det synest å vere avgjerande for dei vanskelegstilte si framtid at kommunen også vurderer tiltak innanfor andre sektorar, særleg gjeld dette kortsiktige inntektssikringsordningar og tiltak innanfor rus, psykiatri og barnevern.

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten om effektar av bustadsosial politikk.

Jubileum balonger

Veiviseren - 1 år!

Hva har vi gjort på ett år?
Vi har fått inn 30 nye temaer, beskrevet 15 nye forskningsrapporter og fått inn 18 nye eksempler fra kommuner.

Hva gjør vi fremover?
Vi jobber med 2 nye e-læringskurs, flere filmer og nye temaer. Mye spennende som skjer!

Vil du være med å påvirke innholdet?
Bruk innspillsidene og brukerundersøkelsen som ligger ute her