Innvandring og integrering i Haram

Forfattar:
K. R. Tronstad.
Publisert av:
NIBR
Utgivingsår:
2015
Oppdragsgivar:
Haram Næring og Innovasjonsforum.
Oppdragsutførar:
NIBR.

Kort om publikasjonen

Haram kommune har som mange andre norske kommunar hatt betydeleg innvandring dei siste åra. Formålet med rapporten har vore å analysere tre overordna problemstillingar: Kvifor flyttar innvandrarar og norske innflyttarar til Haram? Kva kan forklare at folk blir buande eller eventuelt flyttar frå kommunen? I kva grad er innvandrarar og innflyttarar integrerte på ulike samfunnsarenaer i Haram? Analysen bygger på registerdata og ei intervjuundersøking blant personar med og utan innvandrarbakgrunn i Haram hausten 2014.

Intervjuundersøkinga er ein del av prosjektet The multi-ethnic community: Exclusion of inclusion of immigrants (MULTIRUR) finansiert av Norges forskningsråd.

Oversikt over hovudfunn

  • Den vanlegaste årsaka til at innvandrarar flytta til Haram, er relatert til arbeid. Blant norske innflyttarar eller tilbakeflyttarar er eksisterande familieband og jobbmoglegheiter dei hyppigaste flyttemotiva.
  • Utflyttinga dei siste åra har likevel vore låg blant innvandrarar samanlikna med busette utan innvandrarbakgrunn.
  • Arbeidsinnvandrarar har betydeleg høgare deltaking i den lokale arbeidsmarknaden enn befolkninga elles. For innvandrarar som har komme som flyktningar eller familieinnvandrarar, er sysselsettinga lågare enn blant arbeidsinnvandrarar og andre med norsk bakgrunn.
  • Langt færre innvandrarar enn dei med norsk bakgrunn eig sin eigen bustad, og det er fleire som oppgir at dei har dårlege levekår. Både innvandrarar og andre som bur i Haram, er jamt over veldig tilfredse med nabolaget, bustaden sin, jobbmoglegheitene og livet generelt.

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten om innvandring og integrering i Haram.

Viktig informasjon

Veiviseren.no blir avviklet som eget nettsted 1. april 2023. Etter denne datoen finner du innhold om bolig- og tjenesteområdet på nettstedene til direktoratene som står bak veiviseren.no. Du finner lenker nederst på siden.

Har du spørsmål? Send en e-post til redaktor@husbanken.no

Vis informasjon