Innvandreres bostedspreferanser

Årsak til innvandrertett bosetting?

Forfattar:
S. Blom
Utgivingsår:
2012
Oppdragsgivar:
Barne-, likestillings- og integreringsdepartementet
Oppdragsutførar:
Statistisk sentralbyrå

Kort om publikasjonen

Rapporten undersøker kva innvandrarane sine eigne preferansar for å bu i innvandrartette område kan tenkast å bety for danning og vedlikehald av etnisk segregasjon og bukonsentrasjon av innvandrarar og deira norskfødde barn i Noreg. Analysen er basert på tidlegare uanalyserte tverrsnittsdata frå Statistisk sentralbyrå si levekårsundersøking blant ti landgrupper av innvandrarar med bakgrunn frå Aust-Europa utanfor EU/EØS, Asia med Tyrkia, Afrika og Latin-Amerika. Dataa blir sette i samanheng med relevant forskingslitteratur.

Oversikt over hovudfunn

  • Den største delen av respondentane seier at innvandrardelen ikkje betyr noko for dei, eller at dei ikkje veit.
  • Når innvandrardelen på buplassen er høg, gir innvandrarane uttrykk for at dei ønsker å avgrense innvandrertettleiken.
  • Innvandrarar sine bustadpreferansar er ikkje utan betyding, men dei utgjer snarare eit potensial for nedbygging av segregasjon og bukonsentrasjon framfor det motsette.
  • Nærmare studiar av majoritetsbefolkninga sine preferansar for å bu eller ikkje bu i område med mange innvandrarar vil kunne medverke ytterlegare til forståinga av preferansane si betyding for busettingsmønster.

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten om innvandrarar sine bustadpreferansar.