Innvandreres bo- og flyttemønstre i Oslo rundt årtusenskiftet

Forfattar:
S. Blom
Utgivingsår:
2006
Oppdragsgivar:
Kommunal- og regionaldepartementet i samarbeid med Oslo kommune
Oppdragsutførar:
Statistisk sentralbyrå

Kort om publikasjonen

Rapporten analyserer vestlege og ikkje-vestlege innvandrarar (inkludert innvandrarar og norskfødde med to utanlandsfødde foreldre) og nordmenn sine flyttingar mellom grunnkretsar og bydelsgrupper i Oslo i femårsperioden 1998 til 2003 (per 1.1.). Studien undersøker også om den økonomiske og statusmessige «oppgraderinga» av Indre øst som blei innleia i siste halvdel av 1990-talet, har ført til at mindre velståande grupper blant befolkninga i det stadig meir attraktive Indre øst blir «pressa ut» på grunn av stigande bustadprisar.

Analysen baserer seg på mikrodata for alle busette i Oslo per 1.1.1998 og 1.1.2003.

Oversikt over hovudfunn

  • Både vestlege og ikkje-vestlege innvandrarar auka i tal i perioden, mens talet på nordmenn gjekk tilbake med halvannan prosent.
  • Auken og nedgangen i dei tre befolkningane var ikkje lik i alle bydelsgrupper.
  • Dei ikkje-vestlege innvandrarane auka mest i dei gamle og nye drabantbyane og minst i Indre øst.
  • Personar utan innvandrarbakgrunn er minst tilbøyelege til å flytte, mens dei vestlege innvandrarane har flytta mest.
  • Empirien synest ikkje å støtte oppfatninga av at den økonomiske utviklinga og «oppgraderinga» av Indre øst førte til ei ufrivillig utstøyting av dei økonomisk mest svakstilte.

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten om innvandrarar sine flyttemønster i Oslo.