- Forfattar:
- A. S. Grødem
- Publisert av:
- Fafo-rapport 2011:32
- Utgivingsår:
- 2011
- Oppdragsgivar:
- Husbanken
- Oppdragsutførar:
- Fafo
Kort om publikasjonen
Rapporten søker å svare på tre hovudproblemstillingar: 1. I kva grad opplever barnefamiliar med innvandringsbakgrunn problem på den norske bustadmarknaden, og kva for faktorar bidrar til å styrke eller svekke situasjonen deira på bustadmarknaden? 2. I kva grad opplever familiane problem i nabolaget, og kva for samanhengar finst mellom bustadproblem og nabolagsproblem? 3. Er det samanhengar mellom bustadproblem, nabolagsproblem og indikatorar på inkludering i det norske samfunnet, som det å beherske språket eller delta i norske organisasjonar?
Rapporten baserer seg på analyse av Levekårsundersøkinga blant innvandrarar 2005–2006, og ser særleg på bustadforholda for barn.
Oversikt over hovudfunn
- Verken bustad eller nabolag i seg sjølv ser ut til å ha direkte innverknad på innvandrarar si organisasjonsdeltaking, språkbehersking, barna sine venneforhold og bruk av tilsynsordningar for barn.
- Analysen gir ikkje grunnlag for å seie at bustad-/nabolagsproblem i seg sjølv hemmar eller fremmer integrering på kort sikt.
- Variert nabokontakt står fram som ein særleg viktig inkluderande faktor.
- Innvandrarforeldre som bur i ein bustad dei eig, har betre bustadstandard, føler seg tryggare i nærmiljøet, har meir kontakt med naboar med variert bakgrunn, og ser ut til å vere betre integrerte, enn innvandrarar som bur i leigde bustader.
- Det blir tilrådd at ein held fram å inkludere innvandrarar i den norske «eigarlinja», men det blir peikt på at det er behov for meir offensive verkemiddel for å hjelpe innvandrarar med låg inntekt over terskelen inn i eigarmarknaden.
- Det blir tilrådd forsterka innsats for kommunale utleigebustader, og for utvikling av kommunale bustadstrategiar som tar høgde for at barnefamiliar blir buande i desse bustadene gjennom store delar av barna sin oppvekst.
- Det er behov for meir kunnskap om korleis den private leigemarknaden fungerer i møte med vanskelegstilte leigetakarar.