Innovasjon og styring i boligsosialt arbeid

Forfattar:
A S. Grødem
Publisert av:
Institutt for samfunnsforskning Rapport 2014:16
Utgivingsår:
2014
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
Institutt for samfunnsforskning

Kort om publikasjonen

Hovudspørsmålet i rapporten er: Kva skal til for å auke innovasjonstakten i det bustadsosiale arbeidet? Dette overordna spørsmålet er utleidd i tre problemstillingar:

  1. Kva for særtrekk har bustadsosialt arbeid i Noreg, som kan verke innovasjonshemmande eller innovasjonsfremmande?
  2. Kva for former for organisering og leiing bidrar til å fremme innovasjon, og kva for organisatoriske faktorar hemmar innovasjon?
  3. Kva er innovasjonsrommet i bustadsosialt arbeid?

Rapporten er basert på ein litteraturgjennomgang, og gjennomgår spesifikt litteraturen om bustadsosiale innsatsar i Noreg og om sosial innovasjon i Noreg og Europa. I tillegg blir det gitt ein kort presentasjon av bustadsosialt arbeid og innovasjon i Sverige og Danmark.

Oversikt over hovudfunn

  • Gjennom dei siste tiåra er den målretta innsatsen for vanskelegstilte grupper blitt gradvis viktigare.
  • Det er store variasjonar i korleis kommunane organiserer sine bustadsosiale innsatsar.
  • Litteraturen om innovasjon peikar i retning av at organisasjonskultur er viktigare enn struktur når det gjeld å skape innovasjon.
  • Dei nordiske landa har mange likskapar, men dei skil seg frå kvarandre i organiseringa av bustadsektoren.
  • For å oppmuntre til innovasjon er det viktig å skape institusjonelle rammer som oppmuntrar til ideutveksling, refleksjon og organisatorisk læring.

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten «Innovasjon og styring i boligsosialt arbeid».