Innfridde mål eller brutte visjoner?

bilde av rapporten

Noen hovedlinjer i utviklingen av levekår og tjenester for utviklingshemmede

Forfattar:
Sylvia Söderström og Jan Tøssebro
Publisert av:
NTNU Samfunnsforskning AS, Mangfold og Inkludering
Utgivingsår:
2011

Kort om publikasjonen

Denne rapporten summerer opp nokre hovudtrendar i utviklinga av levekår og tenester for utviklingshemma sidan ansvarsreforma på byrjinga av 1990-talet. Rapporten baserer seg på undersøkingar som er gjennomførte i 1989 (før institusjonane blei avvikla), 1994 (like etter avviklinga), 2001 og 2010. Det er lagt særleg vekt på nyare trendar, det vil seie utviklinga frå 2001 til 2010. Rapporten er første framstilling av data som blei samla inn i 2010 på oppdrag frå NAKU, Nasjonalt kompetansemiljø om utviklingshemming. Arbeidet med denne rapporten er støtta av Helsedirektoratet.

Oversikt over hovudfunn

Hovudtrenden som 2010-undersøkinga viser, kan kort samanfattast slik:

  1. Når det gjeld bustad, er det ein tydeleg trend i retning av at fleire utviklingshemma no bur i større og meir samansette bufellesskap enn tidlegare.
  2. Delen av utviklingshemma som ikkje har nokon dagaktivitet, aukar jamt, og mens arbeidsmarknadsetaten si rolle blir redusert, dreiar fleire og fleire kommunale tiltak frå produksjon over mot aktivisering, eller ingenting.
  3. Utviklingshemma si deltaking i fritidsaktivitetar har på nokre område auka mellom 2001 og 2010, mens det har vore stagnasjon på andre område.
  4. Fattigdom er lite utbreidd blant utviklingshemma, samtidig som veksten i lønn for arbeid er betydeleg lågare enn elles i befolkninga.
  5. Familiekontakten har auka dei siste åra, samtidig som det er ein negativ trend når det gjeld kontakt med naboar utan utviklingshemming.
  6. Ein ser eit fall i sjølvbestemming frå 2001 til 2010, med ei nesten dobling i organisatoriske grunngivingar for manglande sjølvbestemming.

Funna på alle desse områda er utdjupa i rapporten.

Lenke til meir informasjon