- Forfattar:
- Inger Lise Skog Hansen, Heidi Gautun, Åsmund Langsether og Hans Christian Sandlie
- Publisert av:
- Fafo-rapport 2007:38
- Utgivingsår:
- 2007
- Oppdragsgivar:
- Sosial- og helsedirektoratet
- Oppdragsutførar:
- Fafo og NOVA
Kort om publikasjonen
Dette er sluttrapporten frå Famis (eit samarbeid mellom Fafo og NOVA) med evaluering av den statlege tilskotsordninga til oppfølgingstenester i bustad for bustadlause og rusmisbrukarar.
Denne rapporten inneheld ein organisasjonsstudie av Sosial- og helsedirektoratet og Fylkesmannen si rolle i forvaltning av tilskotet, ein eigen brukarstudie om brukarane sine vurderingar av tenester støtta av tilskotet og i tillegg rapportering frå ei ny spørjeundersøking gjennomført i haust i tiltakskommunane. I tillegg inneheld rapporten eit eige kapittel med oppsummering og hovudfunn frå evalueringsprosjektet.
Oversikt over hovudfunn
- Organisasjonsstudien gir i stor grad inntrykk av ei tilskotsordning som gir støtte til tenester og til målgruppa, så framt tiltaket er forankra i lokale planar og har vore gjenstand for politiske vedtak.
- Dei fleste, men ikkje alle som treng bustad og buoppfølging, er rusmisbrukarar og personar med psykiske lidingar. Fattigdom og vanskar med å forvalte eigen økonomi er andre viktige faktorar i studiet av bustadløyse.
- Bedømt ut frå kontaktpersonane sine vurderingar av korleis måla som var formulert blei oppnådde, må ordninga gjennomgåande vurderast som vellykka.
- 6 av 10 kontaktpersonar meiner at talet på bustadlause i deira kommune har blitt mindre i tiltaksperioden, og vel halvparten av desse meiner dette i stor grad skuldast det gjennomførte tiltaket.
- Omtrent alle rapporterer at tilskotet har ført til ein auke i omfanget av tenestetilbodet til dei bustadlause, og at tenestetilbodet samtidig er blitt betre tilpassa behova til den enkelte.
- 9 av 10 meiner ordninga har bidratt til at kommunen/forvaltninga har fått betre kompetanse om dei bustadlause sine behov for tenester, og 9 av 10 meiner at ein har fått betre kompetanse om dei bustadlause sine bustadbehov. 8 av 10 meiner også at bustadtilbodet har blitt betre.
- Eit sentralt krav til kommunane var at dei skulle forvalte tilskotsmidla slik at dei kunne vidareføre tiltaka med eigne middel etter tilskotsperioden. 7 av 10 kontaktpersonar opplyser også at tiltaka heilt eller delvis er vidareførte.
- Halvparten seier at det ofte er vanskeleg å praktisere individuell plan for lengre tidsperiodar; i dei største kommunane gjeld det 7 av 10.
- Tilstanden blir rapportert å vere mindre tilfredsstillande når det gjeld å praktisere god forvaltningsskikk ved tildeling av bustad og tenester til bustadlause
- Eit fleirtal gir uttrykk for at butilbodet til dei bustadlause ikkje er tilfredsstillande. 3 av 4 rapporterer at avgrensingar i bustadtilbodet hadde ført til problem under gjennomføringa av tiltaka.