Hva nå, Tøyen?

Sosiokulturell stedsanalyse av Tøyen i Bydel Gamle Oslo

Forfattar:
I. Brattbakk, A. L. Hagen, M. G. Rosten, O. Sæther, J. Osuldsen, B. Andersen, E. Thorstensen og K. Bratseth
Utgivingsår:
2015
Oppdragsutførar:
AFI, samarbeidet med Storbyprogrammet (HiOA) og arkitekt firmaet Snøhetta.

Kort om publikasjonen

Rapporten er basert på ein sosiokulturell stadanalyse av Tøyen. Oppdraget var å kartlegge og analysere demografiske, sosiokulturelle og fysiske aspekt ved Tøyen og sjå desse dimensjonane i samanheng. Problemstillingane som rapporten diskuterer, er: Korleis er befolkninga på Tøyen sett saman, og korleis endrar denne befolkninga seg? Kva for sosiale og fysiske nærmiljøkvalitetar blir brukte og verdsette? Kva sakna befolkninga av tilbod og tenester, og kva er dei største utfordringane ved området?

Undersøkinga baserer seg på ein kombinasjon av kvantitative og kvalitative metodar, dvs. kvantitative analysar av demografi og levekår og kvalitative metodar som feltarbeid, djupintervju, arbeidsseminar og observasjonar.

Oversikt over hovudfunn

  • Befolkninga på Tøyen er mangfaldig langs mange dimensjonar. Det er overvekt av barn i førskulealder og unge vaksne. Halvparten av bebuarane har minoritetsbakgrunn. Delen av nyleg komne innvandrarar er blant dei høgaste i byen.
  • Området har stor utskifting av bebuarar, og ber preg av å vere eit transittområde for mange.
  • Éin av tre er på flyttefot kvart år. Det er særleg majoritetsnorske barn i skulealder og deira foreldre i 30–40-åra som flyttar ut, mens unge vaksne i 20-åra flyttar inn.
  • Befolkninga er polarisert når det gjeld levekår og sosioøkonomiske forhold, og forskjellane mellom grupper aukar.
  • For å styrke nærmiljøet foreslår forskarane tiltak som bidrar til å utvikle møteplassar og uterom, å kjempe mot fattigdom og kriminalitet, å betre buforhold og bumiljø, og til å styrke engasjementet, aktivisme og frivillig arbeid.

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten «Hva nå, Tøyen?».