Hva er god startlånpraksis?

Forfattar:
K. C. Astrup, L. Monkerud, M. E. Ruud, R. Barlindhaug og K. Aarland
Utgivingsår:
2014
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
NIBR

Kort om publikasjonen

12.03.14 blei det vedtatt ei innstramming av Husbanken si startlånordning: Unge førstegongskjøparar er ikkje lenger ein uttalt del av målgruppa for ordninga. Startlånet skal i staden spissast mot såkalla vanskelegstilte. Forskingsprosjektet er delt opp i to delprosjekt. Denne rapporten utgjer første del i prosjektet.

Denne rapporten inneheld ein nullpunktsanalyse av kommunane sin praksis i bruk av startlån, det vil seie korleis kommunane har praktisert startlånet før forskriftsendringa. Rapporten ser på kommunane sin praksis i lys av kva som er beste praksis på området.

Rapporten er basert på intervju med seks casekommunar, i tillegg til registerdata (kommunane si søknadsregistrering) på avslag og tilslag av startlån i perioden 2005–2013.

Oversikt over hovudfunn

  • Utlånsraten for startlånet går ned gjennom den aktuelle perioden, men han er markant høgare i dei mindre sentrale kommunane i utvalet.
  • Søkarar som har fått løyvd startlån, har inntekter som ligg mellom søkarar som har fått avslag, enten som følge av låg betalingsevne eller som følge av for høg inntekt.
  • Inntektsfordelinga for løyvde søknader og søkarar som fekk avslag som følge av låg betalingsevne, overlappar.
  • Det er betydeleg variasjon mellom kommunane, då 30–35 prosent av utbetalingsvariasjonen er mellom-kommune-variasjon.
  • Saksbehandlarar har god kunnskap om dei bustadsosiale utfordringane som kommunen har, og dei har opparbeidd god erfaring både med behandlinga av søknader og med oppfølging av søkarar.
  • Det er ein tendens til at kommunar med store levekårsproblem i mindre grad tilgodeser bustadsosialt utsette grupper gjennom startlånordninga.

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten om god startlånpraksis.