Husrom uten hjerterom. Kan bolig motvirke marginaliseringsprosesser?

Forfattar:
K. Bakke, I. Kvamme, T. S. Mydland og R. Wærdahl
Utgivingsår:
2012
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
Agderforskning

Kort om publikasjonen

Temaet for rapporten er vanskelegstilte på bustadmarknaden. Formålet er å identifisere kva for betyding bustaden ha for vanskelegstilte på bustadmarknaden, og korleis ein eigna bustad kan motverke og vere med på å kjempe mot marginalisering for denne gruppa. Studien tar utgangspunkt i to undergrupper av vanskelegstilte på bustadmarknaden: unge vaksne med barnevernsbakgrunn og vaksne som har problem med rus og/eller psykiske lidingar.

Studien er basert på kvalitative intervju med 14 informantar.

Oversikt over hovudfunn

  • Ein føreseieleg bustadsituasjon motverkar at ein blir sårbar ved andre livsendrande brot.
  • Godt kommunalt og interkommunalt samarbeid motverkar dei negative effektane av flytting.
  • Betre kvalitet på og utforming av bustadene svekker stigma og gjer det mogleg med positivt relasjonsarbeid.
  • Bustader som legg til rette for barn, motverkar negativ sosial arv.
  • Bustaden si geografiske og sosiokulturelle plassering, og bustaden si fysiske utforming, påverkar moglegheitene for sosial deltaking.
  • Råderett over eigen bustad gir råderett over eige liv.
  • Fleire alternativ til mellombelse bustader motverkar oppsamling av sosiale problem.
  • Å tenke «bustad først» styrker behandlings- og rehabiliteringsprosessar.
  • Bustader som legg til rette for livsfasar, gir betra livskvalitet, stabilitet, trivsel og kontroll over eige liv.
  • Brukarmedverknad er avgjerande for å få til godt bustadsosialt arbeid.

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten «Husrom uten hjerterom»