- Forfattar:
- Mette I. Snertingdal og Vidar Bakkeli
- Publisert av:
- Fafo
- Utgivingsår:
- 2015
Kort om publikasjonen
Dette er den andre delrapporten om Housing first-prosjekt i Noreg. Housing first-modellen hjelper bustadlause med rusmiddelrelaterte og psykiske lidingar med etablering i eigen bustad. Målsetnaden i denne andre delen av prosjektet har vore å skildre og analysere kva Housing first-prosjekta i Noreg har oppnådd. Det er også utvikla eit eige kartleggingsverkty.
Rapporten er basert på casestudie i fire kommunar og intervju med leiarar for Housing first-prosjekta både i 2014 og 2015.
Oversikt over hovudfunn
- Rapporten syner at det er få konkrete planar for vidareføring av prosjekta.
- Dei fleste Housing first-prosjekta nytta både i 2014 og 2015 kommunale bustader ved busetnad av deltakarane.
- Det er færre deltakarar som ventar på bustad i 2015 enn i 2014, og dei Housing first-prosjekta som hadde tatt inn mange deltakarar utan å ha bustader tilgjengeleg, har prioritert arbeidet med å busette desse.
- Det har vore ein moderat auke i talet på deltakarar i Housing first-prosjekta frå 2014 til 2015. Til saman er det 167 deltakerar fordelt på ti Housing first-prosjekt i 2015. Dette utgjer ein auke på 36 deltakerar frå 2014 til 2015, fordelt på ti prosjekt. Årsaka til den moderate auken i talet på deltakarar kan vere at prosjekta primært har konsentrert seg om å busette deltakarar som venta på bustad, at bustadframskaffing i kommunane fortsatt er krevjande, og at deltakarane i prosjekta har større og meir komplekse problem enn det ein først trudde.