- Forfattar:
- M. I. Snertingdal
- Publisert av:
- Fafo
- Utgivingsår:
- 2014
- Oppdragsgivar:
- Husbanken. Helsedirektoratet og Fylkesmannen i kommunene
Kort om publikasjonen
Denne rapporten er ei beskriving av etableringa og organiseringa av Housing first i følgande tolv kommunar: Drammen, Mandal, Trondheim, Bergen, Stord, Moss, Bærum, Elverum, Fredrikstad, Ringsaker, Sandefjord og Sandnes.
Rapporten si overordna problemstilling er: Korleis blir Housing first-prosjekta i Noreg utforma? I tillegg blir følgande fire problemstillingar drøfta:
- Kva er prosjekta sin bakgrunn, finansiering og tidsavgrensing?
- Kva er prosjekta si målgruppe og målsetting?
- Kven er prosjekta sine deltakarar, og korleis blir dei busette?
- Korleis er oppfølgingsteama samansette og organiserte, og kva er teama sine arbeidsoppgåver og arbeidsfilosofi?
Rapporten er basert på intervju med leiarar for kommunane og prosjektplanar frå dei norske Housing first-prosjekta.
I analysearbeidet blei alle prosjekta samanlikna med kvarandre langs desse dimensjonane: bakgrunn for prosjekta, prosjektperiode og finansieringskjelder, målgruppe og målsettingar, deltakarar og busetting og i tillegg oppfølgingsteamet si organisering og samansetnad, og om prosjekta nyttar avtalar eller vedtak, oppfølgingsteama sine arbeidsoppgåver og arbeidsfilosofi i tillegg til prosjekta sin bruk av kartleggingsverktøy.
Oversikt over hovudfunn
- Det er stor entusiasme for Housing first-modellen i dei norske kommunane og eit ønske om å tenke nytt for å løyse bustadsosiale utfordringar.
- Det er stor variasjon mellom dei norske Housing first-prosjekta når det gjeld blant anna definisjon av målgruppe, målsettingar, busetting, samansetnad av oppfølgingsteam og bruk av kartleggingsverktøy.
- Det er fleire norske Housing first-prosjekt som avvik frå det amerikanske pionerprosjektet «Pathways to Housing».
- Det blir trekt fram to forhold for å forklare avvika: (1) Dei norske Housing first-prosjekta er kommunale og dermed ikkje drivne av ein frivillig organisasjon, slik det amerikanske pionerprosjektet var. (2) Det er mangel på eigna bustader i mange norske kommunar, noko som gjer det vanskeleg å etterleve det amerikanske prosjektet.
- Nokre av dei norske prosjekta avvik frå manualen så grunnleggande at arbeidet vanskeleg lar seg beskrive som Housing first. Dette gjeld spesielt for dei prosjekta der deltakarane ikkje får velje bustad sjølve eller må vente lenge før dei får tilbod om bustad.
Lenke til meir informasjon
Les heile kartlegginga av Housing first i Noreg