Heldøgns omsorg - kommunenes dekningsgrad

Færre institusjonsplasser, mer omfattende hjemmetjenester

Forfattar:
Hege Hellvik m.fl.
Utgivingsår:
2016
Oppdragsgivar:
KS
Oppdragsutførar:
Agenda Kaupang og VID

Kort om publikasjonen

At vi vert fleire eldre skapar nye samfunnsmessige utfordringar.  Andre nordiske land har trappa ned den klassiske institusjonsomsorga, mens Noreg ligg etter i å utvikle alternative tilbod til heildøgns omsorg. Prosjektet er avgrensa til å gjelde eldre over 80 år. Rapporten ser på korleis kommunane organiserer eldreomsorga si, og ser på samanhengar mellom ulike bustader og dei helsefaglege behova til eldre over 80 år. Ulike metodar er nytta: ulike typar intervju, gjennomgang av aktuell litteratur, statistikk og dialogkonferanse.

Oversikt over hovudfunn

  • Sentrale aktørar som Husbanken, SSB og kommunane brukar omgrepet «heildøgns omsorg» ulikt. Dette gjer planlegging vanskeleg. Blant anna gjev det ulik forståing av kor stor dekningsgraden er, og kor stort behov ein eigentleg skal dekkje.
  • Heildøgns omsorg omfatta svært ulike tilbod. 
  • Alle kommunane med høg dekning er små kommunar. 
  • Inntektsnivået har relativt lite å seie for tilbodet av heildøgns omsorg. 
  • Butilbodet til eldre er 50% høgare i Noreg enn i resten av Norden.
  • Kommunane satsar på utvikling av stega i midtre og nedre del av omsorgstrappa.

Lenke til meir informasjon

Last ned heile rapporten.