Fundamentet er lagt. Evaluering av Boligsosialt utviklingsprogram

Delrapport 2011

Forfattar:
R. Bergem, E. R. Yttredal og M. Hanche-Olsen
Utgivingsår:
2012
Oppdragsgivar:
Husbanken øst
Oppdragsutførar:
Møreforskning

Kort om publikasjonen

Denne delrapporten er den andre av i alt tre rapportar knytte til Møreforsking Volda si følgeevaluering av «Boligsosialt utviklingsprogram» i Husbanken region øst. Hovudmålsettinga med dette programmet er at fleire vanskelegstilte på bustadmarknaden skal ha eigna bustader.

Denne delrapporten har to tema: 1. Status i kommunane sitt arbeid med å betre situasjonen for vanskelegstilte på bustadmarknaden, og erfaringar med arbeidet. 2. Kommunane sine erfaringar med Husbanken sitt «Boligsosialt utviklingsprogram» som metode. Rapporten formidlar og drøftar resultat knytte til desse to hovudtemaa. På bakgrunn av det som kjem fram i evalueringa, blir det gitt nokre konkrete tilrådingar for det vidare arbeidet med det bustadsosiale utviklingsprogrammet.

Datamaterialet i rapporten er basert på spørjeundersøkingar og intervju med eit utval aktørar i kommunane Bærum, Hamar, Lillehammer og Lørenskog, som har vore med i evalueringa frå starten, og Moss kommune som kom med i 2010. I tillegg inngår deltaking i programsamlingar og dokument som programplanar, årsrapportar, tiltaks- og aktivitetsplanar og liknande i datagrunnlaget.

Oversikt over hovudfunn

  • «Boligsosialt utviklingsprogram» har skapt eit svært godt fundament for ei kunnskapsbasert bustadsosial utvikling i kommunane, men kommunane, også dei første som kom med i programmet, arbeider framleis med organisering, forankring, system og kunnskapsbygging.
  • Programarbeidet har også ført til nokre konkrete resultat, men i liten grad.
  • Evalueringa tyder også på at kommunane berre i liten grad er i gang med iverksetting av konkrete tiltak og aktivitetar.
  • Utviklingsprogrammet har ført til kunnskapsoppbygging i det bustadsosiale arbeidet.
  • Forankringa både hos den politiske og den administrative leiinga ser ut til å vere god i programkommunane.
  • Kommunane er svært fornøgde med Husbanken region øst sitt arbeid med «Boligsosialt utviklingsprogram».

Lenke til meir informasjon

Les evalueringa om Husbanken sitt bustadsosiale arbeid.