Foyer-modellen for bostedsløse unge; en systematisk kartleggingsoversikt

Forfattar:
Meneses-Echavez JF, Berg RC.
Publisert av:
Folkehelseinstituttet
Utgivingsår:
2018
Oppdragsgivar:
Husbanken

Kort om publikasjonen

Område for helsetenester i Folkehelseinstituttet ved Seksjon for velferdstjenester fekk i oppdrag av Husbanken å kartleggje den empiriske forskinga om Foyer-modellen. Det er en pakkeløysing med bustad og integrerte støtteordningar for unge i alderen 16-24 år i overgangen til sjølvstendig vaksenliv. 

Oversikt over hovudfunn

Forskingslitteratur om Foyer-modellen består at 18 studiar med fortrinnsvis kvalitativ forskingsdata som er publisert i grå litteraturkjelder frå Australia og Storbritannia.

Halvparten av de inkluderte studiane var tiltaksevalueringar som indikerte at tenestetilboda i foyers lykkast med å hjelpe unge menneske i overgangen til sjølvstendig vaksenliv. Men det finns ingen kontrollerte studiar om Foyer-modellen. I lys av dette er det ikkje mogleg å dra slutningar om effekten av modellen. Meir forsking om Foyer-modellen trengs. 

Resultata våre kan informere beslutningstakarar når det gjeld den gjeldande forskingslitteraturen om Foyer-modellen.

Lenke til meir informasjon

Her kan du lese meir om rapporten og laste den ned.