Fortsatt Z

forside rapport

Rapport fra det boligsosiale prosjektet ByBO

Forfattar:
Stine Sundan
Publisert av:
Kirkens Bymisjon Trondheim
Utgivingsår:
2018
Oppdragsgivar:
Finansiering fra Husbanken

Kort om publikasjonen

Målet med prosjektet «Fortsatt Z» er å identifisere flaskehalsar og verknadsfulle element i arbeidet med busetnad av personar i langvarig bustadløyse med samansette utfordringar – ofte knytt til rus og psykisk helse. "Fortsatt Z" er ei vidareføring av arbeidet i "Z". Begge prosjekta er utført av ByBO i Kirkens Bymisjon i Trondheim etter finansiering av Husbanken. Prosjektet synleggjer kva som hindrar eller bidreg til ein stabil og god busituasjon for dei mest utsette på bustadmarknaden. Rapporten er basert på intervju av personar i målgruppa og personar i hjelpeapparatet. 

Oversikt over hovudfunn

  • Det er komplekst - altså krevjande og kostbart å hjelpe målgruppa på ein god måte.
  • Kartlegging og ein god relasjon mellom hjelpeapparat og brukar er naudsynt for å sikre målretta tiltak.
  • Det er behov for tilsette med naudsynt kompetanse, kapasitet og riktige verktøy.
  • Det  er viktig med stabilitet i relasjonar, tilgjengelegheit og rett hjelp til rett tid.
  • Det er behov for eit samarbeid mellom ulike delar av tenesteapparatet; vilje til medansvar for det ikkje-definerte ansvaret.
  • Brukarane beskriv manglande kompetanse og ferdigheiter i den skriftlege kommunikasjonen med hjelpeapparatet. Dette både i søknadsprosessen, og det å forstå motteke vedtak og brev frå hjelpeapparatet.
  • Brukarane gir i stor grad uttrykk for negative kjenslemessige reaksjonar i møte med hjelpeapparatet, noko som gjer hjelpeprosessen for både tenesteytar og –mottakarane vanskelegare.
  • Hjelpeapparatet må sikre at tenestemottakar er godt nok orientert om sine rettar og korleis desse kan oppfyllast.
  • Hjelp og rådgjeving må vere individuelt tilpassa, og byggje på tillit, respekt og eit genuint ynskje om å hjelpe.
  • Tenesteytarane må tole å stå i krevjande relasjonar, med gjentatte nederlag. Dei må vise at dei trur på endring sjølv om mottakar tilsynelatande har gjeve opp.

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten.