Forklaringer på bostedløshet

Forfattar:
E. Dyb, K. Johannessen, C. Lied og T. Kvinge
Utgivingsår:
2013
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
NIBR

Kort om publikasjonen

Prosjektet belyser årsaker til bustadløyse med grunnlag i ei kvantitativ kartlegging av bustadløyse og casestudiar i ulike kommunar. Casestudiane omfattar intervju med tenesteytarar og bustadlause personar. Ein studie om bustadlaus ungdom er inkludert i rapporten. Dette er den andre og siste rapporten frå prosjektet «Forskningsoppdrag om bostedsløshet».

Den teoretiske tilnærminga i studien baserer seg på at strukturelle forklaringar, det vil seie bustadløyse årsaksforklart med overordna samfunnsstrukturar som arbeidsløyse og bustadmangel, ikkje nødvendigvis står i eit motsetningsforhold til individuelle forklaringar, det vil seie bustadløyse forklart med eigenskapar hos enkeltindivid.

Oversikt over hovudfunn

  • Bustadløyse er eit samansett problem.
  • For barnefamiliar er vald i nære relasjonar ein relativt hyppig utløysar. I denne gruppa slår den etniske dimensjonen tydeleg ut.
  • Unge bustadlause kan enten snu ein marginaliseringsprosess som peikar nedover, eller bli neste generasjon av langtids bustadlause med eit alvorleg og tungt rusproblem.
  • Alle casekommunar rapporterer om utfordringar med å skaffe bustader til sine bustadlause og vanskelegstilte brukarar, men utfordringane har ulike former og alvorsgrad.
  • Migrasjon utgjer ei veksande utfordring i arbeidet med bustadløyse på europeisk nivå, og utfordrar forståinga av bustadløyse.
  • På eit overordna nivå understrekar forskarane velferdssystemet si evne til å kjempe mot bustadløyse. Samtidig viser dei til at ein kontinuerleg innsats er nødvendig, og at val av metodar i arbeidet med bustadløyse kan ha stor betyding for nivået på bustadløysa.

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten frå NIBR om bustadløyse.