FORANALYSE BOLIGSOSIALT ARBEID KARMØY KOMMUNE

Forfattar:
Rambøll
Publisert av:
Rambøll Rapport April, 2015
Utgivingsår:
2015
Oppdragsgivar:
Karmøy kommunes
Oppdragsutførar:
Rambøll

Kort om publikasjonen

Som deltakar i Husbanken sitt «Boligsosialt utviklingsprogram» ønskte Karmøy kommune å gjennomføre ein forstudie med fokus på det bustadsosiale arbeidet. Dette notater rapporterer på denne forstudien.

Foranalysen inkluderer både ein gjennomgang av kommunen sin dåverande situasjon på det bustadsosiale området, og ein analyse som la vekt på å styrke det bustadsosiale arbeidet framover.

Analysen av den dåverande situasjonen inkluderer tema som forankring og organisering, bustadmasse og bustadbehov og det å skaffe bustadmasse. Karmøy kommune bad også om ein foranalyse som er tett knytt til mål og tiltak i den bustadsosiale handlingsplanen (2014–2017). Vidare knyter foranalysen seg til målsettinga om å skaffe tilstrekkeleg mange ulike typar bustader.

Rapporten er basert på ein systematisk studie av kommunale planar og dokument, i tillegg til kvalitative intervju. Til saman blei 12 brukarar, 13 kommunalt tilsette og 3 private utbyggarar/utleigarar intervjua.

Oversikt over hovudfunn

  • Foranalysen viste at Karmøy kommune hadde gode samarbeidsarenaer på plass i organisasjonen.
  • Foranalysen fann i hovudsak at dei ulike tenestene i stor grad samhandla godt og hadde ei felles forståing for det bustadsosiale feltet. Men det var likevel enkelte som framheva at kommunen framleis manglar ei felles forståing for feltet.
  • Den kommunale bustadmassen bestod til dels av lite eigna bustader. Dette knyter seg både til størrelse og standard.
  • Karmøy kommune hadde alt gjort ei rekke tiltak for å betre utnyttinga av den kommunale bustadmassen.
  • Kommunen hadde eit godt system for tildelinga av kommunale bustader.
  • Kommunen nyttar seg i liten grad av den private utleigemarknaden til å skaffe bustader til vanskelegstilte.

Lenke til meir informasjon

Sjå hele foranalysen om bustadsosialt arbeid i Karmøy kommune.