For tett?

Fortetting, planprosesss og bokvalitet i nye byboligprosjekter

Forfattar:
Lene Schmidt
Utgivingsår:
2007
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR)

Kort om publikasjonen

Formålet med prosjektet er å få betre kunnskap om planprosessar i fortettingsprosjekt og resultat med omsyn til bukvalitet. Fortettingsprosjekt er ofte konfliktfylte, og mange aktørar er involverte i og råka av utbygginga. Dei bukvalitetane som vert studerte er kvalitetar knytt til felles uteareal, sol- og dagslysforhold i busetnaden og eventuelt andre bukvalitetar knytt til høg tettleik. Dette er bukvalitetar som vert påverka negativt, og som dermed kan vere under press: Jo høgare tettleik, desto mindre uteareal og så vidare.  

Oversikt over hovudfunn

  • Sterke alliansar for høg utnytting kan sjåast på som problematiske ettersom/sidan sakshandsamarar og andre kritiske røyster er lite koordinerte, og dermed får lite gjennomslag. 
  • Det kan sjå ut som bebuarane i dei nye bustadane opplever problem med innkikk og manglande privatliv som eit vel så stort problem som manglande uteareal og vanskelege sol- og lystilhøve i busetnaden.
  • Det er naturleg å vente at utbyggarane sine arkitektkonsulentar har eit særleg ansvar for bukvaliteten. Konsulentane var mest opptekne av arkitektonisk utforming og materialbruk, og lite opptekne av uteareal, sol- og lystilhøve. Det vart i liten grad referert til offentleg tilgjengeleg rettleiingsmateriell eller krav i plan- og bygningslova og byggeføreskriftene
  • Det ser ut som om begge case har vorte ein økonomisk suksess for utbyggarar, bebuarar og andre som har investert for vidaresal eller utleige. Utbyggarane brukar prosjektøkonomien som argument for høgare utnytting. Dersom prosjektøkonomien er årsak til (for) høg utnytting og press på bukvalitet er dette ei utfordring for bustadpolitikken. 
  • Eigedomsutviklarane si posisjonering på tomtemarknaden har gjort forsøk på heilskapleg utvikling av områda vanskeleg. Endra rammevilkår i ein liberalisert bustadmarknad har ført til at bustaden i vel så stor grad har vorte ei vare eller eit verdipapir som ein investerer i for vidaresal eller utleige, som ein stad der ein skal bu.
  • Det kan diskuterast i kva grad bustadkjøparane kan ha innverknad på vara sin kvalitet når det gjeld dei klassiske bukvalitetane. Det finst ingen opplysningar om sol- og lystilhøve i bustadane eller i busetnaden og om uteareala sin storleik og kvalitet. Skal forbrukarane kunne gjere reelle val på bustadmarknaden bør bustadane i større grad verte utstyrt med ei miljømerking også på slike område.

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten "For tett? Fortetting, planprosess og bokvalitet i nye boligprosjekter"