Folkehelseperspektiv i boligpolitikken?

Forfattar:
Lars Chr. Monkerud, Marit K. Helgesen, Arne Holm og Camilla Lied
Utgivingsår:
2015
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
Norsk institutt for by- og regionforskning (NIBR)

Kort om publikasjonen

Rapporten undersøker samanhengen mellom bustad og folkehelse i ein norsk kontekst, og analyserer organiseringa av bustad- og folkehelsepolitikken i fire casekommunar. Gjennom tilgjengeleg surveymateriale finn rapporten klare samanhengar mellom butilhøve og helse, og eit hovudfunn er at møtet mellom bustad- og helsefelta i kommunane må dra nytte av eit ofte vanskeleg tverrsektorielt perspektiv som evnar å kombinere god planlegging og heilskapleg oversikt over helsetilstand og levekår.

Oversikt over hovudfunn

  • Kommunane må ikkje berre vere særleg opptekne av levekår generelt. Kommunane må ha eit spesielt fokus på levekårsforskjellar i seg sjølv og på korleis levekår kan variere geografisk. Med andre ord set det store krav til korleis eit bustadsosialt perspektiv vert tilpassa regulering og planlegging for bustadbehov generelt innanfor eit folkehelseperspektiv.
     
  • I utgangspunktet handlar folkehelse og bustad i stor grad om å leggje folkehelseperspektivet inn, ikkje berre i bustadplanlegginga, men også i breiare byutviklingsarbeid som handlar om transport, nærmiljø, møteplassar, park og idrett, planlegging av skular med vidare. For å sikre at folkehelseperspektivet kommuniserer med desse andre sentrale dimensjonane ved bustad og byutviklinga vel casekommunane å flytte folkehelsearbeidet ut av helse- og omsorgssektoren og over til einingar som jobbar breiare mot byutvikling, og som også inneheld plan, samfunn og utvikling.

  • Med forankring på rådmannsnivå aukar moglegheita for brei koordinering på tvers av kommunen sine sektorar og tenester. 

  • Den organisatoriske forankringa av folkehelsearbeidet er avhengig av eit kunnskapsgrunnlag som kastar lys over helsestatusen til innbyggjarane og faktorar som ligg bak.

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten