- Forfattar:
- K. Danielsen og L. Gulbrandsen
- Utgivingsår:
- 2008
- Oppdragsgivar:
- Husbanken
- Oppdragsutførar:
- NOVA
Kort om publikasjonen
Rapporten er basert på ei undersøking av buforhold blant flyktningar som blei busette i Noreg i perioden 2000 og 2001, og som hadde flytta frå første busettingskommune. Rapporten består av to delar:
- Ein kvalitativ del basert på djupintervju med flyktningar med opphav i Irak og Somalia (som var dei to største gruppene som blei busette i 2000 og 2001) i høvesvis Fredrikstad og Drammen
- Ein kompletterande kvantitativ analyse av bustadkarriere og flyttehistorie for alle med opphav i Irak og Somalia, og som hadde kome til Noreg i åra 2000 og 2001, og tilsvarande data om tre andre store flyktninggrupper frå desse to åra, nemleg alle som hadde komme til Noreg med fødeland Afghanistan, Iran eller Serbia/Montenegro. Denne analysen er basert på registerdata frå SSB.
Oversikt over hovudfunn
Del 1)
- Dei fleste har ein bustadkarriere i den sekundærtilflytta byen. Det kan begynne med eit kort opphald hos venner, slik at dei kan orientere seg i bustadmarknaden, før dei får ein bustad som er av meir eller mindre permanent karakter.
- Bustadskifte er forårsaka av at den bustaden dei først fekk, var dårleg og lite tilfredsstillande.
- Informantane har skaffa seg bustad ved eiga hjelp utan å involvere flyktningkontoret eller sosialetaten.
- Informanthusstandane var prega av hyppige flyttingar.
Del 2)
- Flyktninggruppene har langt meir flyttingar enn majoritetsbefolkninga.
- I perioden 2001 til 2004 er det berre eit mindretal som har halde fram med å bu i den bustaden dei først blei busette i.
- For alle gruppene sett under eitt er det ein tendens til at delen av dei som eig bustad, går ned med aukande flytting. Særleg gjeld dette dei som kjem frå Somalia, der flytting synest å vere sett på som å flytte inn i eit leigeforhold.