Følgeevaluering av områdesatsingen i Groruddalen.

Forfattar:
Econ Pöyry
Publisert av:
Econ Pöyry Rapport 2008-124
Utgivingsår:
2008
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
Econ Pöyry

Kort om publikasjonen

Dei fire bydelane i Groruddalen har sidan 2007 fått middel frå Husbanken til å gjennomføre heilskaplege områdesatsingar i geografisk avgrensa pilotområde – eitt i kvar bydel. Bydelane skal gjennom målretta tiltak bremse opp ei negativ utvikling knytt til levekår og fysisk miljø. Rapporten er basert på dokumentgjennomgang og analyse, møte med oppdragsgivar og referansegruppa, møte med bydelane sine prosjektleiarar, djup-/gruppeintervju med sentrale aktørar i Oslo kommune og ein workshop – i november 2007 til oktober 2008.

Oversikt over hovudfunn

  • Områdesatsingane hittil har skapt betydeleg entusiasme i nærmiljøa, og ein del tiltak er realiserte.
  • Bydelane har likevel hatt utfordringar med å involvere representantar for innvandrarbefolkninga og utvikle gode samarbeids- og samhandlingsrelasjonar med kommunale etatar.
  • Det at fleire tiltak er på annan manns grunn, og ofte gir vedlikehalds-/driftskostnader, gir også bydelane store utfordringar.
  • Den formelle organiseringa av satsinga er ikkje godt nok tilpassa områdesatsinga sine utfordringar, og det er behov for betre forankring og koordinering. Sistnemnde gjeld både kommunen sine etatar og kommunen sentralt (byrådsavdelingane).

Lenke til meir informasjon

Les heile følgeevalueringa av områdesatsinga i Groruddalen.