Færre bostedsløse - hva er forklaringen?

forside rapport
Forfattar:
Evelyn Dyb
Publisert av:
OsloMet, NIBR-rapport 2019:9
Utgivingsår:
2019
Oppdragsgivar:
Husbanken

Kort om publikasjonen

Dei siste 20 åra har det vorte gjennomført kartleggingar av talet på bustadlause i Noreg. Frå 2012 til 2016 gjekk talet på bustadlause i Noreg ned frå 6300 til 3900 personar. I rapporten «Færre bostedsløse – hva er forklaringen?» ser ein nærare på moglege forklaringar i nedgangen, og drøftar metoden som er brukt og alternative metodar for kartlegging.

Oversikt over hovudfunn

Ein hovudkonklusjon i rapporten er at framgang i det bustadsosiale arbeidet, her konkretisert med nedgang i talet på bustadlause, har kome etter langvarig innsats og bygging av kompetanse. Det er den samla innsatsen over tid som gjev resultat.

NIBR konkluderer med at det er rimeleg god grunn til å anta at Husbanken sitt kommuneprogram, som inngår i ei linje med 20 års bustadsosialt arbeid, har hatt avgjerande betydning for reduksjonen i talet på bustadlause.

Casestudien i rapporten syner at det er målretta bruk av den kommunale bustadmassen mot bustadløyse og dei mest vanskelegstilte husstandane som gjev nedgang i talet. I tillegg har utvida bruk av det private leigemarkedet og bevisst satsing på å styrke eigarlinja blant vanskelegstilte gjeve resultat. Kommunane i casestudien var Fredrikstad, Bodø, Bergen og Stavanger.

Eit anna sentralt punkt som blir trekt fram er at Noreg er eit av dei få landa i Europa som tidleg la vekt på ein bustadleia strategi for å motverke bustadløyse. Plassering av bustadløyse under Husbanken sitt politikkområde har vore viktig for å etablere og fasthalde eit bustadleia fokus i arbeidet med bustadløyse. Det er berre Noreg og Finland, som begge har ein bustadleia politikk på området, som har nedgang i talet på bustadlause i Europa.

Frå rapporten kan følgjande bli trekt fram:

  • Bustadløyse er i hovudsak ei utfordring for dei større kommunane.
  • Analysen gjev svært få statistisk signifikante samanhengar, og det er begrensa grunnlag for å dokumentere årsaka direkte.
  • Med stor sannsynlegheit kjem resultata frå langvarig og systematisk innsats mot kommunane over år. Særleg er arbeidet i Husbanken sitt kommuneprogram ein svært viktig innsatsfaktor.
  • Eit auka tilbod av bustader, både kommunale og i den private marknaden, bidreg til færre bustadlause i kommunane.
  • Få bustadlause treng bemanna bustader, og ambulante team blir trekt fram som ein type teneste som er særleg verksam overfor målgruppa
  • I og med at profilen for dei bustadlause er tilnærma uforandra, har kommunane også lukkast med å busette personar med store, samansette behov.
  • Kartleggingsmetoden vert vurdert som den beste metoden for å måle bustadløyse i Noreg.

 

Lenke til meir informasjon