Evaluering av erfaringer og praksis knyttet til tilvisnings- og tildelingsavtaler

Forside rapport tildelings- og tilvisningsavtaler

Forfattar:
Marthe Norberg-Schulz (prosjektleiar), Marthe Marie Frisell, Vegard Salte Flatval, Markus Gyene
Utgivingsår:
2020
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
Samfunnøkonomisk analyse AS

Kort om publikasjonen

Samfunnsøkonomisk analyse AS har på oppdrag frå Husbanken evaluert dei to ordningane tilvisings- og tildelingsavtalar.

Tilvisings- og tildelingsavtalar er samarbeidsavtalar mellom kommunane og private utbyggjarar eller utleigarar, med føremål om å gje kommunane tilgang til fleire kommunalt disponerte utleigebustader for vanskelegstilte på bustadmarknaden.

Rapporten gir ei god utgreiing av begge ordningane og beskriv ulike erfaringar kommunar og private aktørar har når det gjeld utleigebustader med desse avtalane.

Evalueringa av dei to ordningane byggjer i hovudsak på informasjon innhenta gjennom intervju. Informasjonsgrunnlaget består elles av dokumentstudiar, Husbanken sine prosjektdata for dei to avtaleformene, og offentleg tilgjengeleg statistikk om kommunale bustader.

Oversikt over hovudfunn

  • Ordningane vert i all hovudsak rekna som nyttige for kommunane
  • Utleigeselskap og kommunar peiker på at bustadene ikkje ville ha vorte realiserte utan desse to ordningane, eller at det ville vorte bygd færre utleigebustader som i mindre grad var eigna og tilgjengelege for dei vanskelegstilte
  • Utleigebustadene har generelt høg standard, er ofte lokaliserte nær uteareal som leikeplassar og parkar, med god tilknyting til daglegdagse tenester som matbutikkar og/eller nærleik til kollektivtransport
  • Fleire profesjonelle utleigarar vert også opplevd som ein fordel
  • Det er ulike utfordringar i små og store kommunar. Dette kan i nokre tilfelle kan gjere det vanskeleg å få på plass utleigebustadane sjølv om kommunane ønsker dette
  • Det vert også peika på at endringar i rammeverket for ordningane har skapt uvisse hjå somme aktørar

Rapporten inneheld fleire tilrådingar for å gjere ordningane betre, sortert på seks tema:

  1. Langsiktigheit og leigekontraktene si laupetid
  2. Målgruppa i tildelingsavtalar
  3. Ulike rammevilkår i byar og distrikt
  4. Føreseielegheit og dialog
  5. Informasjonsdeling
  6. Ytterlegare utnytting av potensial i ordningane, til dømes for eldre og barnefamiliar

Husbanken vurderer desse anbefalingane når ordningane skal forbetrast og vidareførast.

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten