Evaluering av tilskudd til utredning og prosjektering

Forfattar:
Stiberg-Jamt, Weigel, Meltevik, Bøge Rom og Paschen Knutsen
Publisert av:
Oxford Research
Utgivingsår:
2019
Oppdragsgivar:
Husbanken
Oppdragsutførar:
Oxford Research

Kort om publikasjonen

Formålet med rapporten er å få fram kunnskap om forvaltning og resultat av tilskotsordninga hos kommunane. Dette skal gi grunnlag for det vidare samarbeidet mellom Husbanken og kommunane rundt ordninga, og i arbeidet med tilpassing av bustader.

I rapporten er brukarar og tilsette i seks kommunar intervjua. Det er gjort studiar av kommunale rapportar og strategiar, statistikk frå Husbanken og SSB. Det vart også arrangert seminar for erfaringsutveksling mellom dei utvalde kommunane og Husbanken.

Oversikt over hovudfunn

  • Tilskotet fører til tilpassingar, og tydeleggjer handlingsval i høve til kostnadsrammer og andre ressursar/verkemiddel, både for kommunen og for brukarar/husstandar.
  • Det er gode erfaringar med Husbanken sine råd og rettleiing.
  • Folkerike kommunar nyttar tilskotet mest. Det er ingen klar samanheng mellom bruk og kommuneøkonomi.
  • Tilpassa bustadmasse sparer utgifter i helse- og omsorgssektoren.
  • Rettleiing og prosesstønad under utgreiing/prosjektering vert opplevd som det viktigaste for innbyggarane.
  • Dei fleste er nøgde med eiga bustadgruppe, og framhevar tydinga av samarbeidskulturen til organisasjonen, kompetansetilgang, prioriteringar og samansetninga av dei ulike aktørane. Ergoterapeutar og heimeteneste vert nemnde som viktige i brukarkontakten. Lokal presse vert òg nytta.
  • Rapporten foreslår tre ‘idealtype'-modellar i vurderinga av fordelar og ulemper når det gjeld val av organisasjon.
  • Det var god nytte av erfaringsdeling i seminar med utvalde kommunar og Husbanken.

I rapporten vert det etter overføringa av tilskotsordningane tilrådd å gjere ei behovskartlegging ved å bruke staten sin rettleiar til utgreiingsinstruksen, og for tydeleggjering rundt eigne verkemiddel. Ein bør vidare etablere koplingar og rutinar mellom brukarar, ergoterapeutar, heimetenesta, kommuneleiing, økonomi- og verkemiddelansvarleg. Husbanken bør framheve innsparingspotensialet ordninga gir, og støtte arbeidsprosessane til aktørane.

Lenke til meir informasjon

Les heile rapporten: Evaluering av tilskudd til utredning og prosjektering - Oxford Research 

Lengre samandrag av publikasjonen

  • Seks kommunar er undersøkte med intervju av både brukarar og tilsette.
  • Det er gjort dokumentstudiar av kommunale rapportar og strategiar.
  • Statistikk frå Husbanken og SSB er nytta.
  • Det vart arrangert seminar for erfaringsutveksling mellom dei utvalde kommunane og Husbanken.

Funn

  • Tilskotet har ført til at tilpassingar er gjennomførte. Dette har ofte skjedd ved at tilskot til utgreiing/prosjektering er gitt først,  og deretter tilskot til tilpassing.
  • Sjølve prosessen kan i nokre tilfelle ha ført til at tilpassing ikkje er vorte vurdert som realistisk, og flytting er eit betre alternativ.
  • I nokre tilfelle har prosessen stoppa opp, og tilpassinga er dermed ikkje gjennomført. Det kan ha å gjere med at tilskotet ikkje er tilstrekkeleg, eller manglande kopling til andre verkemiddel.
  • Prosessen med tilpassing av bustad kan vere ressurskrevjande for husstanden (og ofte opplever ergoterapeutane at dei må engasjere seg utover det som er forventa av rolla deira). Samtidig kan dette vere eit problem fordi meir ressurssterke innbyggjarar vil ha ein lettare tilgang på verkemiddelet.
  • Det er gode erfaringar med Husbanken si rådgjeving og rettleiing.
  • Det er regional variasjon i bruken av tilskotet, mest i folkerike kommunar.
  • Det er ingen klar samanheng mellom bruk og kommuneøkonomi.
  • Det er ei utbreidd erkjenning blant kommunane at ein betre tilpassa bustadmasse kan føre til at folk bur heime lenger, og samtidig spare kommunane for utgifter i helse- og omsorgssektoren.
  • Det viktigaste for innbyggarane er ikkje det økonomiske aspektet, men rettleiing og prosessbistand frå kommunen i arbeidet med å greie ut og prosjektere tilpassinga.
  • Dei fleste kommunane har ei bustadgruppe som drøftar relevante problemstillingar og er nøgde med dette.
  • Andre høve som blir trekt fram av kommunane er:
    • verdien av ein samarbeidskultur
    • gjensidig tilgang på kompetanse i ulike delar av organisasjonen
    • korleis arbeidet er prioritert
    • kva for aktørar som deltek i arbeidet
  • Ergoterapeutane er særs viktige for brukarkontakten, nokre kommunar har òg brukt lokalaviser.

Oxford Research har på grunnlag av funna kome med nokre oppmodingar om det vidare arbeidet i kommunane etter overføringa av tilskotsordningane:

  • Kommunane bør nytte høvet når dei no får overført tilskota til å bruke staten sin rettleiar til utgreiingsinstruksen og gjere ei behovskartlegging, prioritere, velje organisering og forvaltning av verkemidla til kommunen på dette området.
  • Politikarane bør etterspørje vurderingane til administrasjonen av framtidige behov og planar for oppfølging etter 2020.
  • Kommunal leiing og økonomiansvarleg bør sørge for å etablere koplingar mellom ergoterapeutane og heimetenesta for å identifisere konkrete behov for tilpassing og formidle dette vidare til dei med ansvar for verkemidla.
  • Førstelinja/ergoterapeutane bør etablere rutinar for å hjelpe husstanden gjennom heile prosessen, frå det oppstår behov til tilpassinga er gjennomført. Det bør òg utviklast rutinar for å mobilisere innbyggjarane til å søke om midlar.

Når det gjeld Husbanken si rolle i tida framover vert det tilrådd følgjande:

  • Det er viktig å kommunisere til rådmenn og økonomiansvarlege kva for (økonomiske) fordelar som ligg i å hjelpe med tilpassing av bustaden.
  • Følgje med på korleis arbeidet til kommunane med utgreiing, prosjektering og tilpassing utviklar seg framover. Bistanden frå Husbanken kan òg bidra til ei meir einsarta utvikling.      
  • I samarbeid med KS bør det vurderast å etablere eigne forum på tvers av kommunane, eller kople seg på ulike nettverk som allereie er etablerte.
  • Ein bør halde fram med å hjelpe kommunar med forslag til regelverk og sakshandsamingsrutinar.
  • Ein bør halde fram med å hjelpe ergoterapeutane med kompetanse og råd. Husbanken si støtte har truleg stor tyding for ergoterapeutane i si (utvida) rolle overfor innbyggjarane.
  • Hjelpemiddelsentralane kan spele ei viktig rolle, og kan gi tilgang på hjelpemiddel. Husbanken kan, saman med ergoterapeutane, gjere hjelpemiddelsentralane meir synlege.