Evaluering av samhandlingstiltak rettet mot utsatte barn og unge

forside

Suksesskriterier og barrierer på veien mot mer helhetlig tjenestetilbud

Forfattar:
Line Melby, Marian Ådnanes, Jannike Kaasbøll, Frida Kasteng og Solveig Osborg Ose
Publisert av:
SINTEF Teknologi og samfunn, Avd. Helse
Utgivingsår:
2017
Oppdragsgivar:
Helsedirektoratet

Kort om publikasjonen

Sintef har evaluert fem samhandlingstiltak retta mot utsette barn og unge med psykiske vanskar som mottek tilskot frå Helsedirektoratet: Familiens hus og samhandlingsteam (Nøtterøy kommune), Når bekymringsfullt skolefråvær blir alvorleg funksjonstap (Trondheim kommune), Lavterskelteam (Tromsø kommune), Ungdomshjelpa (Lier kommune) og UngArena (Bydel Gamle Oslo, Oslo kommune). Der har dei utført fokusgruppeintervju med tilsette i tiltaka, og individuelle intervju med brukarar; born, unge og foreldre. I tillegg har dei sett på søknadar og rapporteringar for dei 72 tiltaka som fekk støtte i 2016. 

Formålet med tilskotsordninga er å styrke tilbodet til barn og unge med store tenestebehov gjennom å utvikle meir heilskaplege og samtidige tenester frå ulike sektorar og nivå.

Desse borna og unge slit med problem som rus og psykisk sjukdom hos foreldra, sosiale problem, lærevanskar, skulevegring eller eigen sjukdom og rusproblematikk. Det kan også vere ungdom som har kome utanfor skulesystemet og inn i NAV.

Oversikt over hovudfunn

Suksesskriterier:

  1. Brukarinvolvering. Prosjektet må vere ope for at bornet eller ungdommane sjølv blir høyrde.
  2. "Open dør" med lav terskel. Bornet eller ungdommane har moglegheit til å kome for å prate med ein vaksen som dei kan stole på, utan å ha avtalt tid på førehand.
  3. Behovet for kontinuitet i tilbodet. Eit fast tilbod utan sluttdato som har økonomisk tryggleik, der det er kontinuitet i personell.

Rapporten seier også at det kan vere ein krevjande overgang når denne typen tilbod skal gå frå prosjekt til ordinær drift i kommunen. Kunnskapen om kva som hemmar og fremjar utviklinga av tiltak er ganske stor.

Lenke til meir informasjon

Lengre samandrag av publikasjonen

Les heile rapporten.